Aktuelt

Aktuelt

RAND-36

Kunnskapssenteret har på oppdrag frå SKDE omsett den opphavlege versjonen av RAND 36-Item Short Form Health Survey (RAND-36) til norsk. Skjemaet er frigjord og det er ingen kostnader knytt til bruken av skjemaet. Les meir her. Tilsvarande gjeld for RAND-12, som er ein forkorta versjon av RAND-36 (12 av dei opphavlege 36 spørsmåla).

Norsk RAND-36.pdf

Norsk RAND-12.pdf 

Referanse: Ware JE, Sherbourne CD. The MOS 36-item short-form health survey (SF-36): i. conceptual framework and item selection. Medical Care 1992;30:473-83.

 

PROMIS

PROMIS er ei forkorting av det engelske omgrepet «Patient-Reported Outcomes Measurement Information System». PROMIS er eit elektronisk PROM-verktøy som måler fysisk, mental og sosial helse uavhengig av kva sjukdom/tilstand pasienten har. Les meir her. Eit tilsvarande system, Neuro-QoL, blei i 2011 utvikla på oppdrag frå The National Insitute of Neurological Disorders and Stroke (NINDS). Neuro-QoL er eit meir klinisk relevant og psykometrisk robust verktøy for pasientgrupper med neurologiske sjukdommar og plager som slag, MS, Parkinson's, ALS og epilepsi.  

Sjølv om PROMIS og Neuro-QoL og inneheld short forms som kan svares på papir, vil nytten av desse generiske PROM-systema i første rekkje vere CAT-funksjonen (sjå under) som kun er mogeleg ved bruk av elektroniske løysingar.

PROMIS og Neuro-QoL innheld meir enn 60 ulike "item banks". Ein item-bank er en database med eit stort antall spørsmål som dekkjer heile måleskalaen for domenet ein ynskjer å måle. Slik unngår ein tak- og gulv effektar. Ved hjelp av funksjonen Computerized Adapative Testing (CAT) som nyttar fastsette seleksjonsreglar for å velje spørsmål fra item banken som er person-tilpassa ut frå svara pasientane gir, avgrensar dette talet spørsmål til 5-7 som pasienten må svare på. Ved hjelp av CAT-funksjonen vert det rekna ein sluttscore som fortel hvor pasienten er på skalaen i høve til ei normalbefolkning. Fordelen med item banks og CAT er at det reduserer testlengda og alle blir målt med same grad av presisjon, samtidig som ein unngår tak/gulv effektar.

 

 

PROM i hjarte- og karregistera

Hjarte-karregisteret står i ei særstilling når det gjeld å hente inn pasientrapporterte data, mellom anna fordi ein del av pasientane er registrert i meir enn eitt av dei ni medisinske kvalitetsregistera for hjarte- og karsjukdom.

For å adressera denne og andre utfordringar etablerte Fagsenter for pasientrapporterte data eit PROM-prosjekt for hjarte- og karregistera. Det første møtet vart halde i januar 2017.