Koronasmitta pasientar på sjukehus blir registrerte i Norsk intensivregister

Image
Illustrasjonsfoto: Colourbox
Norsk intensivregister har på kort tid fått laga ei løysning for å registrere pasientar med coronasmitte som blir lagde inn på intensiveiningar. Frå onsdag 11.mars skal pasientar som ligg på intensiv med mistenkt eller stadfesta sjukdom med viruset, registrerast.

I samarbeid med Folkehelseinstituttet, Helse Midt-Norge IT (HEMIT), Norsk Helsenett, Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) og Helse Nord IKT har Norsk intensivregister utvikla ei løysing for registrering av pasientar med SARS-CoV-2 (som forårsakar sjukdommen Covid-19) i registeret. Løysinga vil danne grunnlag for rapportar til FHI som skal nyttast til monitorering av sjukdommen i Noreg. 

- Det er difor svært viktig at registreringa er rask og nøyaktig. Vi har lagt vekt på at registreringa skal vere enkel og lite tidkrevjande, siar Eirik Alnes Buanes, leiar i Norsk intensivregister.

Eige skjema for pasientar med smitte

Så snart ein pasient med mistenkt eller bekrefta infeksjon med SARS-CoV-2 blir lagt inn på intensiv, skal det opprettast eit eige skjema for pasienten i Norsk intensivregister. Her skal det registrerast blant anna tidspunkt for innlegging, diagnosekategori, tidspunkt for oppstart av mekanisk respirasjonsstøtte og ECMO-behandling der det er aktuelt, og risikofaktorar. Også pasientar som allereie er innlagde tidlegare skal registrerast. 

- Vidare er det viktig at ein oppdaterer når endringar skjer. Da kan vi halde løpande oversikt over kor mange respiratorar og kor mange ECMO-maskiner som er i bruk for denne pasientgruppa til eikvar tid, og sikre gode tal på kor mange pasientar med påvist sjukdom som ligg på intensiv, forklarer Buanes.

Nøgd med å få registrering på plass

Buanes er nøgd med at Norsk intensivregiser har fått på plass ei løysning for monitorering av sjukdommen på kort tid.

- Eg vil takke alle som har dradd lasset for at dette kunne lagast så raskt! Dette gjer at vi får registrering frå intensiveiningane allereie heilt i starten av utbrotet med Covid-19 i Noreg. Det vil bety mykje for å kunne følgje utbreiinga av sjukdommen, men det vil ikkje minst vere viktig for å kunne gå gjennom materialet i ettertid, slik at vi kan forstå betre korleis sjukdommen artar seg, seier han.

Norsk intensivregister vil følgje opp alle registreringar for å sikre at dei er korrekte, og samtidig spørje om ein kjenner til andre innlagde Covid-19 pasientar på sjukehusa for å sikre at alle pasientar blir registrert.