Opning av tette hjerteårer innan anbefalt tid

Prosjekt: Opning av tette hjerteårer innan anbefalt tid i møre og romsdal
– Klinikk for medisin og rehabilitering Helse Møre og Romsdal HF (data fra Norsk hjerteinfarktregister)

I om lag ¼ av tilfella av hjerteinfarkt skuldast infarktet akutt tilstopping av ei hjerteåre (ST-elevasjon myokard infarkt = STEMI). For å avgrense skada på hjertemuskelen, er det viktig å opne hjerteåra (revaskularisere) så snart som mogleg. Tal frå 2016 frå Norsk Hjerteinfarktregister viser at i Helse Møre og Romsdal er 27 % av STEMI-pasientane revaskularisert innan anbefalt tid, mot 40 % nasjonalt. På grunn av lang transportveg vil ein i Møre og Romsdal i all hovudsak ikkje nå primær PCI innan anbefalt tid. Trombolyse vil derfor i dei fleste tilfelle vere aktuelt behandlingstilbod. Målet med prosjektet var å kartlegge årsaksforklaringane til forseinka trombolysebehandling, og gjennom kvalitetsforbetrande tiltak auke andelen pasientar som fikk trombolyse innan anbefalt tid. Konkret mål var at andelen pasientar i Møre og Romsdal som fikk opna tette hjerteårar innan anbefalt tid var på nivå med gjennomsnittet i landet (40 %) innan 1. januar 2019, og 60 % innan 1.juni 2019.

Resultat

Andelen pasientar med STEMI som får trombolyse har i prosjektperioden auka frå 57 % til 70 %. Av disse har andelen trombolyse som vert gitt prehospitalt har auka frå 55 % til 60 %. Ein har også forbetra og samordna prosedyrer prehospitalt og i sjukehus. Ein har ikkje nådd målet om at 60 % av pasientane skal få trombolyse innan anbefalt tid innan 1.juni, men andelen har auka frå 27 % til 36 %. Ein ser at alle involverte partar har auka fokus på behandlinga og jobbar vidare med kontinuerleg kvalitetsforbetring.