Oppfølging etter fedmekirurgi

Prosjekt: Oppfølging etter fedmekirurgi - korleis auke talet på pasientar som blir kontrollert 1 år og 2 år etter operasjon?
-Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi (SOReg-N)

Forsking kan tyde på at effekten av ein fedmeoperasjon til en viss grad kan vere avhengig av om pasienten klarer å følgje anbefalingar, og om vedkommande møter til kontrollar. Ved kontrollane kan ein oppdage og korrigere eventuelle biverknader av operasjonen, noko som
gjer at både det internasjonale og det skandinaviske fagmiljøet tilrår livslang oppfølging av fedmeopererte. Det er vanleg at første postoperative kontroll er ein til to månader etter operasjonen, deretter er det tilrådd kontrollar i spesialisthelsetenesta etter 1, 2 og 5 år. Resultat frå SOReg-N viste at det var store variasjonar mellom sjukehusa i kor mange pasientar som blir kontrollert. Tal frå august 2018 viste at i snitt vart 82 % av pasientane følgt opp etter 1 år og 44 % etter 2 år.

Målet for prosjektet var å auke talet registrerte kontrollar til 95 % ved 1-årskontroll og 90 % ved 2-årskontroll. I Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi (SOReg-N) vert det registrert data frå kontrollar 6 veker, 1 år, 2 år, 5 år (og 10 år) etter kirurgi. Fem sjukehus vart med på prosjektet.

Resultat

Det overordna målet for prosjektet ble ikkje oppnådd. Etter prosjektet registrerer alle sjukehus 2-årskontrollar. For alle sjukehusa i prosjektet har tala blitt meir stabile, med mindre svingingar frå månad til månad. Fleire sjukehus har hatt kring 5 prosentpoeng auke i tal pasientar med 1-årskontroll innan normtid, men utan utslag på nasjonale tal. For 2- årskontrollar har talet auka frå 44 % til 54 % nasjonalt, og fleire av sjukehusa i prosjektet hadde ei auke på meir enn 30 prosentpoeng kontrollar innan normtid.