Utlysing av midlar: Treng ditt kvalitetsregister hjelp til elektronisk innhenting av pasientrapporterte data?

Fagsenter for pasientrapporterte data lyser ut midlar til elektronisk innhenting av pasientrapporterte data i dei nasjonale kvalitetsregistra.

Pasienten si oppleving knytt til helse, sjukdom og behandlingseffektar er ei verdifull kjelde til kunnskap, som kan nyttast til å betre kvaliteten på behandlingstilbodet i norsk helsevesen. Fagsenter for pasientrapporterte data bidrar i arbeidet med å legge til rette for at kvalitetsregistra på ein smidig datateknisk måte kan innhente pasientrapporterte data (PRO).

Helse Midt IKT (HEMIT) har på oppdrag frå SKDE utarbeidd og etablert ei løysning for elektronisk innhenting av denne typen data. Per dags dato nyttar 7 av dei 51 nasjonale kvalitetsregistra ePROM. Ikkje alle pasientar kan eller ynskjer å fylle ut spørjeskjema elektronisk. Dette gjer at registra går glipp av viktig informasjon, og det påverkar både svarprosent og validitet av resultata. For å sikre at pasientane også kan fylle ut PROM-skjema på papir, er det også utvikla ei teknisk løysing for papirflyt for PROM-skjema (PiPP) som sørgjer for at svar henta inn gjennom spørjeskjema på papir blir lagt inn saman med data frå ePROM. For å stimulere fleire kvalitetsregistre til å gå over til ePROM og oppkopling til PiPP (automatisk papirutsending), lyser Fagsenter for pasientrapporterte data ut midlar til å dekke deler av kostnadane knytt til etablering av ePROM.

Kven kan søkje og kva kan det søkjast om?

Formålet med dei søkbare midlane er å medverke til at pasientrapporterte data blir henta inn i dei nasjonale kvalitetsregistra, og at innsamla data blir nytta i kvalitetsarbeid og forsking. Det kan søkjast om midlar til:

1. Etablering av ePROM for elektronisk innhenting av pasientrapporterte data, eventuelt saman med kopling til PiPP prosjektet for automatisk papirutsending.

2. Kjøp av bistand for å få etablert skjema på registerløysing og integrasjon.     

Tilgjengelege søkbare midlar for 2020 er 1.000.000 NOK. Søknads- og tildelingssum er avgrensa til eit maksimalt beløp på 100 000 NOK per register. Søknadane vil bli vurdert og prioritert ut frå kvalitet og om det er mogeleg å gjenomføra prosjektet innanfor aktuell periode. Midlane vil bli tildelt som ein eingongssum. Prosjektperioden er inntil 12 månader, dvs. frå tidligaste oppstart av prosjektet 01.01.2020 og innan utløpet av 2020. Ein tilsvarande utlysing er planlagt for 2021.

    Kriterium for vurdering av søknadane og prioritering for tildeling

    • Midlane kan kun tildelast medisinske kvalitetsregister med nasjonal status.
    • Det er utarbeidd kriterium for kva som må vere på plass hos kvart enkelt register før innføring av eller overgang til elektronisk løysing for innhenting av PROM kan tas i bruk, og desse må vere oppfylt og dokumentert før ein eventuell tildeling av midlar. Kriteria finn du her.
    • Det må i søknaden gjerast greie for kva midlane konkret vil bli brukt til, som direkte kostnader til kopling til ePROM, kopling til PiPP for automatisk papirutsending, og evt.nødvendig frikjøp av personell eller kjøp av ekstern bistand for å klargjøre register for oppkopling til ePROM.
    • For register som allereie har motteke midlar frå Teknologiforum for medisinske kvalitetsregistre (FMK) for etablering av ePROM, og som enda ikkje har fått dette implementert, skal det gjerast greie om kva som har vore gjort og kva som manglar før registeret er klar til å implementera ePROM.
    • Det blir ikkje tildelt midlar til ordinær registerdrift og/eller drift av elektronisk innrapporterings- og/eller resultatløysing.
    • Prosjektet skal vere mogleg å realisere innanfor prosjektperioden. 
    • Det skal rapporterast på bruk av midlar innan 31.01.2021. Dersom midlane ikkje er brukt i tråd med søknaden og innan prosjektperioden, kan det bli krav om å betale dei tilbake.

    Søknadsskjema

    Søknadsfrist er fredag 15. november 2019. Bruk følgjande søknadsskjema. Prosjektsøknad sendes Fagsenter for pasientrapporterte data på  PROMsenter@ihelse.net. Merk e-post «Søknad om ePROM-midlar 2020». For eventuelle spørsmål om utlysningen kan du ringja Fagsenterets telefon på 55575896 eller ta kontakt på PROMsenter@ihelse.net

    Rapportering og overføring av midlar

    Ein fagleg sluttrapport over bruken av midlar, kva som er oppnådd med midlane - og særleg erfaringar som kan vere nyttige for andre fagmiljø i og utanfor dei nasjonale kvalitetsregistra - skal sendast Fagsenter for pasientrapporterte data innan 31.01.2021. Vi vil be om at nokre kvalitetsregistre presenterar resultat frå prosjektet og sin erfaring med innføring av ePROM på Fagsenteret si årlege PROM-konferanse. 

    Ubrukte midlar kan berre unntaksvis overførast til neste år etter særskilt grunngiven søknad til fagrådet for Fagsenter for pasientrapporterte data. Søknad om overføring av midlar må sendast til Fagsenter for pasientrapporterte data seinast 31.10.2020 (året etter tildeling). Ubrukte midlar kan berre overførast éin gong.