Om oss

Om Fagsenter for pasientrapporterte data

Føremål

Fagsenter for pasientrapporterte data har fått i oppdrag frå Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) å vere ein nasjonal ressurs for PROM (pasientrapporterte utfallsmål) og PREM (tilfredsheit med helsetenesta) i dei medisinske kvalitetsregistera. Systematisk innhenting og bruk av pasientrapporterte data er vektlagt for å famne endringar i helse som er relevante for både pasienten og samfunnet. Bruk av PROM og PREM aukar pasientinvolvering i helseteneste og forsking, samt betrar bruk av pasientane sin kunnskap og erfaring i utviklingsarbeid.

Fagsenterets føremål er å:

  • Bistå kvalitetsregistera med val av instrument, samt utvikling av nye instrument ved behov

  • Rettleie kvalitetsregistera i bruk og analyse av PROM/PREM

  • Halde eit nasjonalt oversyn over kvalitetsregistera sin bruk av PROM/PREM

  • Fremje bruk av PROM/PREM i forsking og kvalitetsforbetring

  • Arrangere nasjonale og regionale seminar

  • Formidle informasjon via nettside som serviceplattform

  • Samordne arbeidet med PROM/PREM med andre nasjonale prosessar knytt til kvalitetsregistera

  • Bidra i tilretteleggjing for smidige datatekniske løysing for datafangst (PROM)

 

Organisatorisk plassering

Organisasjonsplassering. Fagsenter for pasientrapporterte data er en del av Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregistre ved SKDE

 

Strategidokument

Her ligg relevante strategidokument for arbeidet med kvalitetsregistera og implementering av PROMS i kvalitetsregistera:

 

Kontakt

Ynskjer du bistand frå oss ber vi om du fyller ut følgjande skjema og returnerer til fagsenterets e-postmottak: Rapportskjema

Telefon: 55 97 58 96

E-post: PROMsenter@ihelse.net

Besøksadresse:

Jørgen Sandbergs hus, 1. etasje, rom 1014

Haukeland Universitetssjukehus

 

Oversikt over ansatte