PREM

PREM

Kva er PREM?

PREM er ein forkorting av det engelske omgrepet «Patient Reported Experience Measures» og er eit mål på pasienterfaringar - pasientens oppleving og tilfredsheit med helsetenesta. Dette kan omfatte møte med helsetenesta, medverking, informasjon, tillit til helsepersonell og tilgjengelegheit. 

Både pasienttilfredsheit og pasientopplevingar er omgrep som krev meir omfattande verktøy enn eit enkelt spørsmål for å gje eit bilete av pasientens tilfredsheit eller oppleving. 

Kvifor måle?

Det er i dag eit sterkt ynskje om at brukarmedverking skal inkluderas i alle ledd i helsetenesta, forsking og kvalitetsforbetringsarbeid. 
Måling av pasientens oppleving av helsetenesta er viktig for å kunne betre tenesta innanfor de områda der pasientane opplever at tenesta ikkje fungerer tilfredsstillande og til å følgje utvikling over tid.  For mange behandlingssituasjonar er det umogeleg for pasienten å søkje seg til eit anna sted eller institusjon dersom dei ikkje er nøgd med tenesta, og da vil pasienterfaringsmålingar være ein måte å syte for at pasientens stemme blir høyrd. PREM er derfor eit viktig verktøy som kan bidra til at pasientanes erfaringar og innsikt i større grad kan nyttas til å overvake og betre helsetenesta.

 

Val av instrument

I samarbeid med Kunnskapssenteret er det utarbeida kortversjonar av spørjeskjema for pasienterfaringsundersøkingar tilpassa ulike brukargrupper, les meir her.

 

Kvalitetsregister med PREM

Førebels oversyn over kvalitetsregistera som nyttar PREM-verktøy (gjeld både standardiserte/validerte eller eigenutvikla spørsmål). Informasjon er henta frå registeras ege svar (våren 2016) på «Kartlegging av de nasjonale kvalitetsregistrenes bruk av pasient- og brukerrepresentanter» sendt ut frå SKDE. 

Cerebral pareseregisteret i Norge - CPRN

Gastronet

Nasjonalt Kvalitetsregister for Ryggkirurgi

Norsk Gynekologisk Endoskopiregister

Norsk hjerneslagregister

Norsk kvalitetsregister for leppe-kjeve-ganespalte

Norsk kvalitetsregister for behandling av spiseforstyrrelser – NorSpis

Nasjonalt kvalitetsregister for Smertebehandling – SmerteReg

Norsk kvinnelig inkontinensregister - NKIR

Norsk MS-register og biobank

Norsk nakke- og ryggregister – NNRR

Norsk porfyriregister

Norsk register for analinkontinens – NRA
 

PREM-litteratur

•    Danielsen K, Garratt AM, Bjertnaes ØA, Pettersen KI. Patient experiences in relation to respondent and health service delivery characteristics: a survey of 26,938 patients attending 62 hospitals throughout Norway. Scand J Public Health; 2007.

•    Garratt AM, Bjaertnes ØA, Krogstad U, Gulbrandsen P. The OutPatient Experiences Questionnaire (OPEQ): data quality, reliability, and validity in patients attending 52 Norwegian hospitals. Qual Saf Health Care; 2005.

•    Garratt AM, Danielsen K, Forland O, Hunskaar S. The Patient Experiences Questionnaire for Out-of-Hours Care (PEQ-OHC): data quality, reliability, and validity. Scand J Prim Health Care; 2010

•    Garratt AM, Danielsen K, Hunskaar S. Patient satisfaction questionnaires for primary care out-of-hours services: a systematic review. Br J Gen Pract; 2007.

•    Gleeson H, Calderon A, Swami V, Deighton J, Wolpert M, Edbrooke-Childs J. Systematic review of approaches to using patient experience data for quality improvement in healthcare settings. BMJ Open; 2016

•    Kraska RA, Weigland M, Geraedts M. Associations between hospital characteristics and patient satisfaction in Germany. Health Expect; 2016 

•    Skudal KE, Garratt AM, Eriksson B, Leinonen T, Simonsen J, Bjertnaes OA. The Nordic Patient Experiences Questionnaire (NORPEQ): cross-national comparison of data quality, internal consistency and validity in four Nordic countries. BMJ Open; 2012.

•    Solheim E, Garratt AM. Parent experiences of inpatient pediatric care in relation to health care delivery and sociodemographic characteristics: results of a Norwegian national survey. BMC Health. Serv Res; 2013