PROM

PROM

Kva er PROM

Patient Reported Outcome (PRO) er pasientrapporterte utfallsmål som til dømes opplevingar knytt til helse og sjukdom, tilfredsheit med behandling og erfaringar i møte med helsetenesta. Patient Reported Outcome Measures (PROM) er skjema som måler korleis pasientane opplever forhold knytt til helse og sjukdom og behandlingseffektar. PROM inkluderer mål på symptom, funksjon, helse og livskvalitet. PREM (Patient Reported Experience Measures) er skjema som måler pasienten sine erfaringar i møte med helsetenesta. Pasientrapporterte mål inneberer ikkje alltid å måle eit utfall (outcome). Det kan også vere at ein vil nytte pasientrapporterte mål til dømes for å identifisere pasientar eller grupper som har behov for spesielle intervensjonar.

Kvifor måle?

Målingar med PROM kan mellom anna gjerast for å få systematisk kunnskap om sjølvrapportert helse og livskvalitet i ei pasientgruppe. Dette kan nyttast til å følgje opp verksemda sine resultat relatert til problema pasientane opplever, vurdere ulike behandlingar sin innverknad på pasienten si sjølvrapporterte helse, for helseøkonomiske analysar eller som grunnlag for pasientstryggleiksarbeid. 

 

Val av instrument

COnsensus-based Standards for the selection of health Measurement INstruments (COSMIN) har utarbeidd ei sjekkliste for å vurdere den metodiske kvaliteten på studiar som måler eigenskapar og samanliknar ulike PRO instrument (http://www.cosmin.nl/). Sjekkelista kan også brukas som ein guide til korleis resultata skal rapporterast når ein vil måle kvaliteten på eit PRO-instrument.   

Generelle eller sjukdomsspesifikke instrument mogeleggjer ulike typar samanlikning     

Instrument (validerte spørjeskjema) for sjølvrapportert helse og livskvalitet kan vere både generelle og sjukdomsspesifikke. Dei to mest brukte generelle instrumenta i Noreg er RAND-36/SF-36 og EQ-5D. SF-36 og RAND-36 inkluderer same spørsmål og har begge sitt opphav frå The Medical Outcomes Study: Measures of Quality of Life Core Survey (MOS). Dette var ein 2-årig multisenter studie på pasientar med kronisk sjukdom som hadde som føremål å forklare variasjonen i pasientutfall. Studien blei utført av RAND corporation og nytta eit instrument med 116 spørsmål (the 116-item MOS core survey) som målte livskvalitet inkludert fysisk, mental og generelle helse. Basert på resultata frå studien, utvikla RAND corporation eit instrument med 36 element . Dette instrumentet  er i dag kommersielt tilgjengeleg i versjonen Short Form (36) Health Survey (SF-36), mens RAND-36 er tilgjengeleg utan kostnad. Dei to versjonane har like spørsmål, men anbefalt scoringsalgoritme er noko ulik mellom dei to (noko ulik scoring av generell helse og smerteskala), men dei er likevel kompatible. Det ligg føre også forkorta (lisensierte) versjonar av SF-36; SF-12, SF-8 og SF-6D.

EQ-5D er utvikla av the EuroQol Research Foundation. EQ-5D var i byrjinga tenkt som eit supplement til andre livskvalitetsmål, men vert i stadig større grad brukt som eit sjølvstendig instrument. Instrumentet er lisensiert og alle data generert av skjema må sendes til ein sentral database (anonymiserte og i tråd med norsk lov). EQ-5D består av 5 spørsmål med svaralternativ om gange, eigenomsorg, daglegdagse gjeremål, smerte/ubehag og angst/depresjon og ein visuell analog skala (VAS-skala) der pasienten skal angi sin eigen helsetilstand på en skala frå 0 til 100. Det er utarbeidd manualar for bruk av skjema ved telefonintervju, og ein eigen ungdomsversjon av skjemaet (8-11 år). 

Generelle instrument gjer det mogleg å samanlikne ulike pasientgrupper, mens sjukdomsspesifikke instrument kan vere nødvendige for å fange opp viktige aspekt innan ein bestemt sjukdoms- eller pasientgruppe. Dei sjukdomsspesifikke instrumenta er derfor ofte meir klinisk relevante. Det finst også domenespesifikke eller symptomspesifikke instrument som for eksempel måler angst, depresjon eller smerte.
PROM instrumenta har til felles at spørsmåla og det feltet/felta som dekkes er føreåtbestemd av dei som har utvikla instrumentet. Men det finnes også individualiserte instrument der det er respondentane sjølv som veljar kva slags helse/livskvalitetsaspekt som skal inngå i instrumentet (for eksempel Patient Generated Index (PGI)).

Instrument med ulike berekningsgrunnlag.

PROM instrumenta er som oftast bygd opp på same måte, med eit bestemt tal element (spørsmål med svaralternativ) som summerast til ein totalskår og/eller med ulike dimensjonar (domeneskår) som utgjer ein (helse-)profil. Ofte transformerast desse skårane til ein 0-100 skala kor høgare verdi viser til betre helse eller mindre plager. Med denne metoden føreset ein at alle område og alle svaralternativ har like stor verdi. Det er også utviklet såkalla preferensbaserte instrument (for eksempel EQ-5D og SF-6D), der ulike element er gjeve ulik tyngde. Desse skjema er lagt til rette for utrekning av kvalitetsjusterte leveår (QUALYs) slik at dei kan nyttast i helseøkonomiske analysar. 

 

Kvalitetsregister med PROM

Førebels oversyn over kvalitetsregistera som nyttar PROM-verktøy (gjeld både standardiserte/validerte eller eigenutvikla spørsmål). Informasjon er henta frå registera sine eigne svar (våren 2016) på «Kartlegging av de nasjonale kvalitetsregistrenes bruk av pasient- og brukerrepresentanter» sendt ut frå SKDE.

Barnediabetesregisteret – BDR

Cerebral pareseregisteret i Norge – CPRN

Gastronet

Nasjonalt hoftebruddregister

Nasjonalt korsbåndregister

Nasjonalt kvalitetsregister for ryggkirurgi

Nasjonalt register for kronisk obstruktiv lungesykdom (Kolsregisteret)

Nasjonalt register for langtids mekanisk ventilasjon

Norsk gynekologisk endoskopi register

Norsk hjerneslagregister

Norsk hjertesviktregister - NHSR

Norsk karkirurgisk register – NORKAR

Norsk kvalitetsregister for artrittsykdommer – NorArtritt

Norsk kvalitetsregister for behandling av spiseforstyrrelser – NorSpis

Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi – SOReg-Norge

Norsk kvalitetsregister for hiv – NORHIV

Norsk kvalitetsregister for leppe-kjeve-ganespalte

Nasjonalt kvalitetsregister for Smertebehandling – SmerteReg

Norsk kvinnelig inkontinensregister - NKIR

Norsk MS-register og biobank

Norsk nakke- og ryggregister – NNRR

Norsk porfyriregister

Norsk register for analinkontinens – NRA

Norsk ryggmargsskaderegister – NorSCIR

Register for Hidradenitis suppurativa– HISREG

Registeret for organspesifikke autoimmune sykdommer – ROAS

 

PROM-skjema og lenkjer

Meir om RAND-36 og lenkjer til relevante dokument finn du her 

Meir om norsk RAND-36, RAND-36 i PDF-format og scoringsalgoritme finn du her 

Norsk Rand-12 i PDF-format

Meir om EQ-5D finn du her 

Meir om Patient Generated Index

Cosmin (Consensus-based Standards for the selection of health Measurement Instruments)

International Society for Quality of Life Research (ISOQOL)

Skåring av RAND-12/SF-12

Fagsenter for pasientrapporterte data har no utarbeidd ein manual for skåring av RAND-12/SF-12 (versjon 1.1. og 1.2.) i SPSS.

Merk at sjølv om skåringsprosedyren er grundig testa i SPSS, så har brukar det fulle ansvar for at analysen er riktig. Fagsenter for pasientrapporterte data kan derimot tilby vegleiing etter avtale.

Manual for skåring

  1. Legg data inn i SPSS-fil med namnet «rand12.sav». Variabelnamna er forklart i 'Variabel view' vindauge. Alternativt nyttast ei anna fil med tilsvarande variabelnamn som i fila «RAND12» (skjermbilete av RAND12 fanene 'Data view' og 'Variable view' finn du her). Koding av RAND-12 finn du i dokumentet: Norsk RAND-12 m koder.pdf
  2. Sjekk og eventuelt korrigerer verdiar som er lagt inn feil. La det stå tomt ved manglande data. Merk at berre personar som har svart på alle 12 spørsmåla får sumskår for RAND-12.
  3. Opne txt-fila «RAND12_script», kopier innhaldet og lim dette inn i ei tom syntax fil i SPSS. Lagre syntax-fila, merk all tekst i syntaxen, og trykk «Run» (grønt symbol).

Physical Component Summary score (PCS12) og Mental Component Summary score (MCS12) skal no finnast til slutt i datafila. Ein skår = 50 reflekterer snittet i befolkninga i USA. Skåring av PCS12 og MCS12 er basert på ein metode som lar fysisk og mental helse vere korrelert med kvarandre [Farivar et al, 2007, sjå under].

Normmateriale (populasjonsdata) for å skåre RAND-12 samt demografiske variablar med meir kan bestillast på NSD si nettside [NSD, 2002]. For å skåre PCS12 og MCS12 må variabelnamn først transformerast. Bruk skriptet «RECODE_norm_data» (txt-fil) til dette og følg deretter punkt 2-3 ovanfor.

Litteratur

1. Farivar et al. 2007. Correlated physical and mental health summary scores for the SF-36 and SF-12 Health Survey, V.I.

2. NSD. Levekårsundersøkelsen 2002 - Tverrsnitt Tema: Helse. Tilgjengeleg her

 

Bruk av EQ-5D i nasjonale medisinske kvalitetsregistre

The EuroQol Foundation har lisensrettigheter for bruk av det generiske PROM-instrumentet
EQ-5D.
Folkehelseinstituttet (FHI) har på oppdrag fra Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) inngått en femårig lisensavtale (gjeldende fra 12.09.2017) med The EuroQoL Research Foundation om kostnadsfri bruk av EQ-5D i de nasjonale medisinske kvalitetsregistrene i Norge.

Vilkåret fra The EuroQol Foundations side for å inngå avtale om fri bruk av EQ-5D, er at FHI finansierer og gjennomfører EQ-5D relatert forskning. Det er derfor etablert et nasjonalt EQ-5D forskningsprogram ledet av Andrew Garratt ved FHI, finansiert av Norges forskningsråd.

Det enkelte registers forpliktelser fremgår i sublisensieringsavtalen som registeret inngår med FHI, og ytterligere beskrevet i hovedavtalen (med vedlegg) som sublisensieringsavtalen styres av. Det enkelte register må derfor gjøre seg kjent med begge avtalene.

Hva innebærer dette for ditt kvalitetsregister?

  • Registre som ønsker å bruke EQ-5D må inngå en sublisensieringsavtale direkte med FHI.   
  • Sublisensieringsavtalen med FHI gir fri tilgang – i 5 års perioden som avtalen gjelder for (fra 12.09.17) – til samtlige versjoner av EQ (voksne og barn) på norsk og andre tilgjengelige språk. Du kan lese mer om de forskjellige versjonene her
  • Sublisensieringsavtalen med FHI medfører en forpliktelse for det enkelte kvalitetsregister til - etter nærmere avtale - å utlevere anonyme EQ-5D data og relevante bakgrunnsdata til et nasjonalt EQ-5D forskningsprogram ledet av FHI.   
  • Kvalitetsregister som undertegner sublisensieringsavtale, vil få informasjon om hvilken forskning som er planlagt og som inngår i Område for helsetjenester (FHI), sitt NFR-finansierte EQ-5D-relatert forskningsprogram, og hva som vil være av interesse for registeret å delta i. 

Dersom du har ytterligere spørsmål, ta kontakt med Andrew Garratt, Område for helsetjenester, FHI.

Ytterligere informasjon er også tilgjengelig på FHI sine nettsider.

 

PROM-litteratur

Anbefaling av minimum standard for pasientrapporterte utfall 

Beskrivelse av de 36 spørsmålene i RAND-36

Bruk av EQ-5D i Noreg

Bruk av Patient Generated Index i Noreg

Oppslagsverk knytt til forsking på pasientrapporterte data

•    Appleby J, Devlin N, Parkin D. Using Patient Reported Outcomes to Improve Health Care. Chichester: Wiley-Blackwell; 2015
•    de Vet HCW, Terwee CB, Mokkink LB, Knol DL.  Measurement in Medicine – A Practical Guide. Amsterdam: Cambrigde University Press; 2011 
•    Fayers PM & Machin D. Quality of Life: The assessment, analysis and reporting of patient-reported outcomes 3rd Edition. Chichester: Wiley-Blackwell; 2016
•    Wahl AK & Hanestad BR. Måling av livskvalitet i klinisk praksis. En innføring. Bergen: Fagbokforlaget; 2004
•    Walters SJ. Quality of Life Outcomes in Clinical Trials and Health-Care Evaluation: A Practical Guide to Analysis and Interpretation. Chichester: John Wiley; 2009

Utval av norske forskingspublikasjonar med PROM

•    Aasprang A, Andersen JR, Våge V, Kolotkin R, Natvig GK. Ten-year changes in health-related quality of life after biliopancreatic diversion with duodenal switch. Surg Obes Relat Dis; 2016 

•    Aasprang A, Andersen JR, Våge V, Kolotkin RL, Natvig GK. Psychosocial functioning before and after surgical treatment for morbid obesity: reliability and validation of the Norwegian version of obesity-related problem scale. PeerJ; 2015 

•    Andersen JR, Aasprang A, Karlsen TI, Natvig GK, Våge V, Kolotkin RL. Health-related quality of life after bariatric surgery: a systematic review of prospective long-term studies. Surg Obes Relat Dis; 2015 

•    Andersen JR, Natvig GK, Haraldstad K, Skrede T, Aadland E, Resaland GK. Psychometric properties of the Norwegian version of the Kidscreen-27 questionnaire. Health Qual Life Outcomes; 2016 

•    Askim T, Bernhardt J, Churilov L, Indredavik B. The Scandinavian Stroke Scale is equally as good as The National Institutes of Health Stroke Scale in identifying 3-month outcome. J Rehabil Med; 2016 

•    Bentsen SB, Rokne B, Wentzel-Larsen T, Henriksen AH, Wahl AK. The Norwegian version of the chronic obstructive pulmonary disease self-efficacy scale (CSES): a validation and reliability study. Scand J Caring Sci; 2010 

•    Berge LI, Riise T, Tell GS, Iversen MM, Østbye T, Lund A, Knudsen AK. Depression in persons with diabetes by age and antidiabetic treatment: a cross-sectional analysis with data from the Hordaland Health Study. PLoS One; 2015 

•    Bønaa KH, Mannsverk J, Wiseth R, Aaberge L, Myreng Y, Nygård O, Nilsen DW, Kløw NE et al. Drug-Eluting or Bare-Metal Stents for Coronary Artery Disease. N Engl J Med; 2016 

•    Eide LS, Ranhoff AH, Fridlund B, Haaverstad R, Hufthammer KO, Kuiper KK, Nordrehaug JE, Norekvål TM; Delirium in Octogenarians Undergoing Cardiac Surgery or Intervention-CARDELIR Investigators. Delirium as a Predictor of Physical and Cognitive Function in Individuals Aged 80 and Older After Transcatheter Aortic Valve Implantation or Surgical Aortic Valve Replacement. J Am Geriatr Soc; 2016 

•    Garratt AM, Klokkerud M, Løchting I, Hagen KB. Rasch analysis of the Norwegian version of the Arthritis Self-Efficacy Scale (ASES). Scand J Rheumatol; 2016 

•    Gjelsvik B, Breivik K, Verheyden G, Smedal T, Hofstad H, Strand LI. The Trunk Impairment Scale - modified to ordinal scales in the Norwegian version. Disabil Rehabil; 2012

•    Graue M, Haugstvedt A, Wentzel-Larsen T, Iversen MM, Karlsen B, Rokne B. Diabetes-related emotional distress in adults: Reliability and validity of The Norwegian versions of the Problem Areas in Diabetes Scale (PAID) and the Diabetes Distress Scale (DDS). Int J Nurs Stud; 2012  

•    Graue M, Haugstvedt A, Wentzel-Larsen T, Iversen MM, Karlsen B, Rokne B. Diabetes-related emotional distress in adults: reliability and validity of the Norwegian versions of the Problem Areas in Diabetes Scale (PAID) and the Diabetes Distress Scale (DDS). Int J Nurs Stud; 2012

•    Hamang A, Eide GE, Rokne B, Nordin K, Bjorvatn C, Øyen N. Predictors of heart-focused anxiety in patients undergoing genetic investigation and counseling of long QT syndrome or hypertrophic cardiomyopathy: a one year follow-up.  J Genet Couns; 2012

•    Haugstvedt A, Wentzel-Larsen T, Aarflot M, Rokne B, Graue M. Assessing fear of hypoglycemia in a population-based study among parents of children with type 1 diabetes - psychometric properties of the hypoglycemia fear survey - parent version. BMC Endocr Disord; 2015 

•    Hole T, Grundtvig M, Gullestad L, Flønæs B, Westheim A. Improved quality of life in Norwegian heart failure patients after follow-up in outpatient heart failure clinics: results from the Norwegian Heart Failure Registry. Eur J Heart Fail; 2010 

•    Iversen MM, Nefs G, Tell GS, Espehaug B, Midthjell K, Graue M, Pouwer F. Anxiety and Depressive Symptoms as Predictors of All-Cause Mortality among People with Insulin-Naïve Type 2 Diabetes: 17-Year Follow-Up of the Second Nord-Trøndelag Health Survey (HUNT2), Norway. PLoS One; 2016 

•    Iversen MM, Nefs G, Tell GS, Espehaug B, Midthjell K, Graue M, Pouwer F. Anxiety, depression and timing of insulin treatment among people with type 2 diabetes: Nine-year follow-up of the Nord-Trøndelag Health Study, Norway. J Psychosom Res; 2015

•    Iversen MM, Espehaug B, Rokne B, Haugstvedt A, Graue M. Psychometric properties of the Norwegian version of the Audit of Diabetes-Dependent Quality of Life. Qual Life Res; 2013 

•    Kapstad H, Rokne B, Stavem K. Psychometric properties of the Brief Pain Inventory among patients with osteoarthritis undergoing total hip replacement surgery. Health Qual Life Outcomes; 2010 

•    Leta TH, Lygre SH, Skredderstuen A, Hallan G, Gjertsen JE, Rokne B, Furnes O. Outcomes of Unicompartmental Knee Arthroplasty After Aseptic Revision to Total Knee Arthroplasty: A Comparative Study of 768 TKAs and 578 UKAs Revised to TKAs from the Norwegian Arthroplasty Register (1994 to 2011). J Bone Joint Surg Am; 2016 

•    Leta TH, Lygre SH, Skredderstuen A, Hallan G, Gjertsen JE, Rokne B, Furnes O. Secondary patella resurfacing in painful non-resurfaced total knee arthroplasties : A study of survival and clinical outcome from the Norwegian Arthroplasty Register (1994-2011).Int Orthop; 2016 

•    Løchting I, Fjerstad E, Garratt AM. Illness perceptions in patients receiving rheumatology rehabilitation: association with health and outcomes at 12 months. BMC Musculoskelet Disord; 2013

•    Løchting I, Garratt AM, Klokkerud M, Fjerstad E. Development of the Rheumatic Disease Illness Perception Questionnaire (RD-IPQ) reliability, validity and responsiveness. Clin Exp Rheumatol; 2012 

•    Morken IM, Isaksen K, Karlsen B, Norekvål TM, Bru E, Larsen AI. Shock anxiety among implantable cardioverter defibrillator recipients with recent tachyarrhythmia. Pacing Clin Electrophysiol; 2012 

•    Norekvål TM, Fålun N, Fridlund B; Patient-Reported Outcomes in Cardiology (PROCARD) research group. Patient-reported outcomes on the agenda in cardiovascular clinical practice. Eur J Cardiovasc Nurs; 2016 

•    Oterhals K, Hanssen TA, Haaverstad R, Nordrehaug JE, Eide GE, Norekvål TM. Factors associated with poor self-reported health status after aortic valve replacement with or without concomitant bypass surgery. Eur J Cardiothorac Surg; 2015 

•    Torgersen J, Hole JF, Kvåle R, Wentzel-Larsen T, Flaatten H. Cognitive impairments after critical illness. Acta Anaesthesiol Scand; 2011  

•    Wentzel-Larsen T, Norekvål TM, Ulvik B, Nygård O, Pripp AH. A proposed method to investigate reliability throughout a questionnaire. BMC Med Res Methodol; 2011