Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi

Hovedfunn
  • Kring 90 prosent av pasientane har god vektnedgang eitt og to år etter operasjonen
  • Fedmekirurgi er trygg kirurgi
  • Eit stort fleirtal av dei opererte er kvinner
  • Det er store forskjellar mellom sjukehusa i oppfølging etter operasjon

Tretten av 14 offentlege, og 4 av 7 private sjukehus som utførte fedmekirurgi ved utgangen av 2018 rapporterte til SOReg-N. Det vart registrert 1840 operasjonar hos til saman 1839 pasientar. Av dei opererte var 77 % kvinner, og gjennomsnittsalderen ved operasjon var 42 år. 

Av dei 1840 operasjonane var 1777 (97 %) av operasjonene pasienten sin første operasjon for fedme (primæroperasjon), medan 63 (3 %) var operasjonar der ein endra den første operasjonen (revisjonsoperasjon). Tala under gjeld primæroperasjonar om ikkje anna er nemnt. 

Totalt 98 % av pasientane låg tre eller færre døgn på sjukehus etter operasjon. Etter 28 (2%) av primæroperasjonane oppstod det komplikasjonar som kravde tiltak i narkose og/eller intensivbehandling. Ein av desse pasientane døydde. Tala tyder på at fedmekirurgi er trygg kirurgi. Sjå også resultat under kvalitetsindikator 1-3. 

Vektnedgang etter operasjon

Pasientane går vanlegvis ned i vekt i eit til to år etter ein fedmeoperasjon. Figuren under viser vektnedgang etter operasjon for dei pasientane vi har oppfølgingsdata på eit og to år etter operasjon. Den raude linja viser gjennomsnitts KMI (kroppsmasseindeks) på kvart tidspunkt. Figuren er basert på data frå 1819 pasientar operert før 1. januar 2016.

Figur 1 viser kroppsmasseindeks (KMI) før operasjon, ved operasjon, og etter seks veker, eit år og to år etter operasjon. 


Tilgang til fedmekirurgi

Dette avsnittet vart utarbeida i 2018 i samarbeid med SKDE. Figur 2 og 3 er basert på data for 2017 frå Norsk pasientregister og SOReg-S i tillegg til SOReg-N. Fedmeoperasjonar betalt av pasienten sjølv (utført i private institusjonar) er ikkje med i NPR sine data. 

Det har vore eit stort, oppsamla behov for fedmekirurgi både i Sverige og i større grad i Noreg. Berekningar gjort i Sverige for ti år sidan tyda på eit behov på 90-100 operasjonar per 100 000 innbyggjarar over 5-10 år før ein ville kunne komme ned i ein «steady-state» situasjon med behov for ei operasjonsrate på om lag det halve (1). 

I Sverige vart talet på operasjonar auka basert på desse berekningane ved å auke kapasiteten i det offentlege, og ved kjøp hjå private klinikkar. Høgast operasjonsrate var i 2011 med 91 operasjonar per 100 000 innbyggjarar (2).

(1) http://www.ucr.uu.se/soreg/component/edocman/arsrapport-2017-del-1/viewd...
(2)  http://www.ucr.uu.se/soreg/component/edocman/arsrapport-soreg-2011/viewd...

 

I Noreg vart det aldri utført slike berekningar, og offentlege kjøp hjå private har nesten ikkje førekome. Ein stor del av norske pasientar har difor sjølve kjøpt fedmeoperasjonar  i inn- og utland. 

Førekomsten av fedme (KMI ≥ 30) i 2016 var estimert til 23,1% i Noreg og 20,6% i Sverige.  Dette kan tilseie eit litt større behov for fedmekirurgi i Noreg enn i Sverige. Eit estimat for Noreg i ein «steady-state» situasjon kan vere om lag 60 fedmeoperasjonar per 100 000 innbyggjarar per år.

Figur 2 viser tal operasjonar per 100 000 innbyggjarar basert på pasienten si bustadadresse i åra 2013-2017 samanlikna med gjennomsnittsraten i Sverige. 

Figur 2: Operasjonsrate basert på bustadadresse.


Figur 3 viser i kva grad pasientar operert i 2017 vart operert i eller utafor eige regionale føretak, og i kva grad føretaket kjøpte operasjonar hjå private. Figuren viser mellom anna at eit fleirtal av dei opererte frå Helse Nord vart operert utafor føretaket.

Figur 3: Operasjonsrate og operasjonsstad basert på bustadadresse.

 

Tabell 1 viser gjennomsnitt og median dagar frå søknad frå primærlege er registrert motteke i spesialisthelsetenesta  og fram til operasjon. Tabellen er basert på tal frå 1755 pasientar med primæroperasjonar  i 2018. Gjennomsnittleg forløpstid var lengst ved Sørlandet Sjukehus, Helse Bergen og St Olavs hospital. 

Tabell 1: Tid frå motteke søknad frå primærlege er registrert i spesialisthelsetenesta til operasjon er utført vist i gjennomsnitt og median dagar. 

Talet på operasjonar, dagar i gjennomsnitt og i median frå søknaden vart motteken til operasjonen var utført. Sjukehusa er sorterte etter gjennomsittleg tal dagar. Basert på data frå 1 755 pasientar med primæroperasjonar i 2018.

 

Helseføretak

Oper.

Gj.snitt.

Median

Sørlandet sykehus

106

789

500

Helse Bergen

176

747

708

St. Olavs hospital

65

677

628

Helse Møre og Romsdal

51

565

525

Nordlandssykehuset  HF

99

475

379

Helse Fonna HF

87

437

405

Helse Førde

27

400

402

Sykehuset i Vestfold

184

367

204

Oslo  universitetssykehus

237

345

340

Helse  Nord-Trøndelag

99

335

266

Vestre Viken

144

315

303

Sykehuset Innlandet

212

310

272

Helse Stavanger

113

259

230

Haraldsplass Diakonale Sykehus AS

3

-

-

IbsenSykehuset AS

63

72

41

Privatsykehuset  Haugesund

18

-

-

Volvat Bergen

71

51

30

Kvalitetsindikatorar

Kvalitetsindikator 1: Del pasientar med tre eller færre liggedøgn etter operasjon

Denne kvalitetsindikatoren fortel kor stor del av pasientane som har hatt eit forlenga sjukehusopphald. Fire liggedøgn eller meir behøver ikkje bety at det har oppstått ein komplikasjon, men ein tidleg komplikasjon fører ofte til forlenga opphald.

Tala frå 2018 viser at 98 % av pasientane hadde tre eller færre postoperative liggedøgn.  Liggedøgntala gjeld berre for primæroperasjonar for pasientar vi har informasjon for seksvekers oppfølging på. Tala i figur 4 er derfor basert på tal frå 1699 operasjonar. Berre pasientar med maks 14 liggedøgn etter operasjon er med i figuren. I tillegg var det 9 pasientar med meir enn 14 liggedøgn. 

Figur 4: Tal liggedøgn etter primæroperasjonar i 2018. 
 


Kvalitetsindikator 2: Del pasientar med ny innlegging på sjukehus innan 30 dagar etter operasjon

Ein annan peikepinn på kor mange som kan ha hatt komplikasjonar er å måle kor mange som blir innlagde på sjukehus etter utskriving. Dette kan vere mindre alvorlege komplikasjonar som til dømes magesmerter eller kvalme, men det kan også vere meir alvorlege komplikasjonar som først viser seg etter at pasienten har reist heim frå sjukehuset.  

For 2018 har vi informasjon om den første tida etter operasjonen for 1699 operasjonar. Av desse vart 92 pasientar (5 %) innlagde på same eller anna sjukehus i løpet av dei første 30 dagane etter operasjon.

Kvalitetsindikator 3: Del pasientar som får alvorlege komplikasjonar dei første 30 dagane etter operasjon

For å bedømme alvorsgrad av ein komplikasjon brukar ein Clavien-Dindo-klassifikasjonen (sjå figur 5). Clavien-Dindo grad 3b eller høgare vert rekna som ein alvorleg komplikasjon. Ved alvorsgrad 3b har pasienten ein komplikasjon eller mistanke om komplikasjon som krev undersøking eller behandling i narkose. Merk at ein nokre gonger kan måtte gjere ein operasjon i narkose som del av utreiing for komplikasjon utan at ein finn noko gale. Desse operasjonane er medrekna i talet under. 

Ein alvorleg komplikasjon oppstod etter 28 (2 %) av operasjonane og ein av desse pasientane døydde. Figur 5 viser oversikt over alvorsgrad for komplikasjonar etter primæroperasjonar i 2018. Figuren er basert på data frå 1699 operasjonar som vi har 6-vekers oppfølgingsdata på.

Figur 5: Oversikt over alvorsgrad for komplikasjonar etter primæroperasjonar i 2018.
 


 

 

Årsrapporter