Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi

I juni 2015 fekk SOReg-N nasjonal status, og ved utgangen av 2015 hadde åtte sjukehus starta opp med å levere data til registeret. I denne første årsrapporten vert det presentert ei oversikt over kvalitetsindikatorane for dei data som er lagt inn, og berre nasjonale data vert presentert.  

I 2015 vart det registrert 503 operasjonar: 449 (89%) primæroperasjonar (pasienten sin første fedmeoperasjon) og 54 (11%) revisjonsoperasjonar (korrigering av tidlegare fedmeoperasjon).  

Av dei opererte var 80% kvinner, og gjennomsnittsalderen var 42 år. Figur 1 viser aldersfordeling for dei registrerte operasjonane.

Figur 1. Aldersfordeling.

Fedme_fig2

Av dei 449 opererte har vi data på 432 pasientar seks veker etter operasjon og 168 pasientar eitt år etter operasjon. Figur 2 visar oversikt over liggedøgn etter primæroperasjon. Basert på data frå til saman 432 operasjonar.
 

Figur 2. Liggedøgn.

Fedme_fig3

 

Komplikasjonar etter fedmekirurgi

Generelt viser tala at fedmekirurgi i Noreg har få komplikasjonar. Fire prosent (19 av 432) av pasientane vart lagt inn att på sjukehus innan 30 dagar etter operasjon.

Det vart registrert 24 pasientar med komplikasjonar etter fedmeoperasjon i 2015. Figur 3 viser ein oversikt over alvorsgrad for komplikasjonar etter operasjon, basert på data frå 432 pasientar.

Figur 3. Alvorsgrad komplikasjoner. 

54_fedme__fig.4.png

Av dei 24 pasientane med komplikasjonar hadde 15 ein mindre alvorleg komplikasjon, som til dømes sårinfeksjon, forbigående magesmerter, kvalme eller liknande. 9 pasientar (2% av alle opererte) hadde ein alvorleg komplikasjon som kravde behandling i narkose. Berre ein av desse trengte intensivbehandling.

Ingen dødsfall vart rapportert.

Vektnedgang etter fedmekirurgi

Tala frå dei første oppfølgingsskjema  viser at dei fleste pasientane har god vektnedgang seks veker og eitt år etter operasjon. Figur 4 viser kroppsmasseindeks (KMI) før operasjon, ved operasjon, samt seks veker og eitt år etter operasjon. Den raude linja viser gjennomsnitts-KMI på kvart tidspunkt.

Figur 4.Kroppsmasseindeks før og etter operasjon.

54_fedme_fig.5.png

Tala er basert på data frå 449 pasientar (449 før operasjon, 447 med måling ved operasjon, 431 med måling seks veker etter operasjon og 174 med måling eitt år etteroperasjon).

Eit mykje brukt mål på vekttap etter fedmeoperasjon er % EBMIL (excess BMI loss), som målar kor mykje av overvekta pasienten har gått ned etter operasjon. Figur 5 visar EBMIL, uttrykt i prosent, for dei 175 pasientane me har eitt års oppfølgings-KMI på. Eitt år etter operasjon hadde 95% ein EBMIL på 50% eller meir.

Figur 5. EBMIL.

Fedme_fig6

Sjå også årsrapporten for ein fullstendig gjennomgang av kvalitetsindikatorane for 2015.

Årsrapporter