Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi

2017

Hovedfunn:
  • Dei fleste pasientane har god vektnedgang eit år etter operasjonen
  • Fedmekirurgi er trygg kirurgi 
  • Lenger ventetid på fedmeoperasjon i Noreg enn i Sverige
I 2016 vart det registrert 1356 operasjonar på til saman 1354 pasientar. Av dei 1356 operasjonane var 1313 (97%) primæroperasjonar, der pasienten ikkje var tidlegare fedmeoperert, medan 43 (3%) var revisjonsoperasjonar. Tala under gjeld berre primæroperasjonar, om ikkje anna er nemnt. 
I snitt var pasientane innlagde i 1,9 døgn etter operasjonen. Det mest vanlege var 2 liggedøgn, og 96 % låg tre eller færre døgn på sjukehus. Ingen dødsfall vart registrert dei første 30 dagane etter operasjon.

Dekningsgrad

15 sjukehus rapporterte inn data til SOReg-N i 2016, og NPR registrerte operasjonar frå 15 einingar. Til saman i dei to registera  er der 18 einingar. Tilslutnaden for SOReg-N utrekna på denne måten blir 15/18 = 83%. 

Norsk pasientregister (NPR) har gjort ein dekningsgradsanalyse for registeret ved å kople alle ferdigstilte operasjonsskjema i SOReg-N med NPR via fødselsnummer, helseføretak og operasjonsdato. (Sjå årsrapporten for nærare detaljar om  analysen.)

I NPR er det registrert 1961 operasjonar, medan det i SOReg-N er registrert 1356, der 1350 er med i dekningsgradsanalysen. Totalt er det registrert 2097 individuelle pasientar i begge registra. Den utrekna dekningsgradsanalysen føreset at alle dei aktuelle operasjonane er registrerte i NPR eller i SOReg-N. Under denne føresetnaden blir dekningsgraden 1350/2097= 64%. 

Private sjukehus utan avtale med helseføretak er ikkje pliktige til å rapportere til NPR, difor manglar registeret  formelle tal på kor mange som blir opererte privat. Registeret har difor gjort ein spørjing hjå dei private sjukehusa og får oppgitt at det vart utført ca. 877 fedmeoperasjonar på private sjukehus i Noreg i 2016. I tillegg er det eit ukjent tal pasientar som blir operert utanlands kvart år.  

Tabell 1: Operasjonar per sjukehus i 2016, basert på dekningsgradsanalyse frå NPR, med 1350 operasjonar i SOReg-N og 1961 operasjonar i NPR.

Institusjon

SOReg-N

NPR

Begge

Totalt

Dek.grad SOReg-N

Dek.grad NPR

Sykehuset i Vestfold HF

0

272

0

272

0 %

Oslo universitetssykehus HF

57

269

55

271

21 %

99 %

Helse Bergen HF

212

230

208

234

91 %

98 %

Sykehuset Innlandet HF

225

227

225

227

99 %

100 %

Helse Stavanger HF

158

158

142

174

91 %

91 %

Vestre Viken HF

124

125

123

126

98 %

99 %

Sørlandet sykehus HF

92

118

92

118

78 %

100 %

Helse Nord-Trøndelag HF

102

107

102

107

95 %

100 %

Sykehuset Østfold HF

0

107

0

107

0 %

Helse Fonna HF

82

99

80

101

81 %

98 %

Nordlandssykehuset  HF

52

86

52

86

60 %

100 %

Volvat Medisinske Senter Bergen

77

0

0

77

0 %

St. Olavs Hospital HF

60

63

60

63

95 %

100 %

Helse Møre og Romsdal HF

40

40

40

40

100 %

100 %

Helse Førde HF

35

37

35

37

95 %

100 %

Privatsykehuset Haugesund AS

30

0

0

30

0 %

Aleris Helse AS Oslo

0

23

0

23

0 %

Volvat Medisinske Senter Oslo

4

0

0

4

0 %

Til saman

1 350

1 961

1 214

2 097

64 %

94 %

Operasjonsmetode og alder

Figur 2 viser fordeling av operasjonsmetodar for primæroperasjonar i 2016, basert på tal frå 1313 operasjonar. I denne  framstillinga er det ikkje skilt mellom ulike former for gastrisk bypass. Avbroten operasjon vil seie at pasienten har blitt lagt i narkose, men at operasjonen likevel ikkje vart utført av ulike grunner. Sjå også nedst på sida for samanlikning med det svenske registeret. 

Figur 2: Fordeling av operasjonsmetoder

 

Gjennomsnittsalderen ved operasjon var i 2016 43 år, og fleirtalet av dei opererte, 75%, var kvinner. Figur 3 viser aldersfordeling for opererte pasientar i 2016. Basert på tal frå 1313 pasientar. 

Figur 3: Aldersfordeling

Fedmerelatert sjukdom før operasjon

Tabell 2 viser del pasientar som vart behandla for fedmerelatert sjukdom før operasjonen (n=1313). Sjukdomar som reknast som følgjesjukdom ved fedme er: pustestopp under søvn (søvnapné), høgt blodtrykk, diabetes, høgt kolesterol, depresjon, smerter i musklar/skjelett, sure oppstøyt (dyspepsi), og anna fedmerelatert sjukdom som eventuelt har bidrege til avgjerda om å operere pasienten. 

Tabell 2: Fedmerelatert sjukdom primæroperasjonar prosent

 

KMI ≥ 40

KMI 35 - 40

KMI ≤ 35

Med fedmerelatert sjukdom

60 %

62 %

81 %

Uten fedmerelatert sjukdom

40 %

38 %

19 %

Sum

100 %

100 %

100 %

Liggetid på sjukehus

Liggetid og innlegging på sjukehus første 30 dagar etter operasjon

I snitt låg pasientane 1,9 døgn på sjukehus etter operasjonen, og 96 % hadde tre eller færre liggedøgn. 

Figur 4 viser talet på liggedøgn etter operasjonen for primæroperasjonar i 2016. Det er berre vist detaljar for dei med maks. 14 liggedøgn. I tillegg var det 5 pasientar med meir enn 14 liggedøgn. Figuren er basert på 1286 operasjonar kor berre dei med seksvekers oppfølging er telt med. 

Figur 4: Antall liggedøgn etter operasjon

 

Ein annan peikepinn på kor mange som kan ha hatt komplikasjonar etter operasjonen er å måle kor mange som har blitt innlagt på sjukehus igjen dei første 30 dagane etter operasjonen. Blant dei 1286 pasientane vi har seksvekers oppfølging på, vart 6 % (80 pasientar) innlagt på same eller anna sjukehus innan 30 dagar etter operasjonen. 

Komplikasjonar

Ein alvorleg komplikasjon oppstod etter 2%  av operasjonane (26 av 1286 pasientar).  Figur 5   viser ein oversikt over alvorsgrad for komplikasjonar etter primæroperasjonar i 2016, basert på tal frå 1287 av 1315 opererte som det er rapportert seksvekerskontroll på. 

Figur 5: Komplikasjonar primæroperasjon

Vektnedgang etter operasjon

Tala er basert på opplysingar frå 1313 pasientar (1313 pasientar før operasjon, 1183 ved operasjon, 1286 seks veker etter operasjon og 606 eitt år etter operasjon).

Figur 6: Kroppsmasseindeks (KMI) før operasjon, ved operasjonen (i 2016) og seks veker og eitt år etter operasjonen. Den raude linja viser gjennomsnitts KMI på kvart tidspunkt. 

 

Eit mykje brukt mål på vekttap etter fedmeoperasjon er % EBMIL (excess BMI loss), som målar kor mange prosent av overvekta pasienten har gått ned etter operasjon. Figur 7 viser EBMIL for dei 606 pasientane vi har KMI frå eitårs oppfølging for. Eit år etter operasjonen hadde 92% ein EBMIL på 50% eller meir.

Figur 7: EBMIL (excess BMI loss)

Kvalitetsindikatorar på klinikknivå

Tabell 3 gir oversikt over tre kvalitetsindikatorar for kvart sjukehus (sjå under «Kvalitetsindikatorar» for meir detaljert forklaring om desse). KMI før operasjonen er òg vist, sidan denne kan ha innverknad på tala. 

«Tre/færre liggedøgn» er prosentdelen pasientar som var innlagde i tre eller færre døgn etter operasjonen. «Reinnlegging» er prosentdelen pasientar som vart innlagde på same eller anna sjukehus dei første 30 dagane etter operasjonen, eller som hadde meir enn 30 liggedøgn etter operasjonen. «Alv. kompl.» er prosentdelen pasientar som hadde ein alvorleg komplikasjon innan dei første 30 dagane etter operasjonen. Dette tilseier ein komplikasjon som krev behandling der pasienten som eit minimum har blitt lagt i narkose. 

Tabell 3: Kvalitetsindikatorar på klinikknivå

Sjukehus

KMI

Tre/færre liggedøgn

Reinnlegging

Alvorlege kompl.

Helse Bergen

43,6

94 %

9 %

3 %

Helse Fonna HF

42,5

90 %

6 %

2 %

Helse Førde

42,5

82 %

3 %

0 %

Helse Møre og Romsdal

43,2

95 %

3 %

0 %

Helse  Nord-Trøndelag

42,4

94 %

6 %

4 %

Helse Stavanger

42,8

97 %

8 %

2 %

Nordlandssykehuset  HF

42,9

94 %

2 %

0 %

Oslo  universitetssykehus

44,5

98 %

7 %

0 %

Privatsykehuset  Haugesund

38,2

92 %

4 %

4 %

St. Olavs hospital

40,9

93 %

8 %

0 %

Sykehuset Innlandet

43,9

99 %

6 %

2 %

Sørlandet sykehus

41,5

99 %

3 %

0 %

Vestre Viken

44,0

98 %

8 %

2 %

Volvat Bergen

38,5

99 %

3 %

3 %

Volvat Oslo

37,5

Fedmekirurgi i Sverige og Noreg

Tabell 4 viser nokre tal frå Sverige og Norge for 2016: Tal på operasjonar rapportert til SOReg, kor mange offentlege og private sjukehus som utfører fedmekirurgi, tidsløp i spesialisthelsetenesta og korleis fedmekirurgi blir finansiert i Sverige og Noreg. 

Tabell 4: Oversikt fedmekirurgi i Noreg og Sverige

 

Noreg

Sverige

Sum operasjonar rapportert til SOReg 2016

1356

5605

  Primæroperasjon

1315

5463

  Revisjonsoperasjon

43

142

 

Offentlege sjukehus:

 

 

Tal sjukehus med fedmekirurgi

14

32

Tal sjukehus som rapporterte til SOReg

13

32

Tal operasjonar rapportert til SOReg

1242 *

 3365 *

Tid søknad motteke – operasjon (døgn). Median (gj.snitt)

389 (461) #

212 (253) #

Manglar data om tidsløp

8 (0,7 %)

616 (18,8 %)

 

Private sjukehus:

 

 

Tal sjukehus med fedmekirurgi

6

9

Tal sjukehus som rapporterte til SOReg

3

9

Tal operasjonar rapportert til SOReg

114 ¤

 2240 ¤

 

Finansiering av operasjon på private sjukehus:

 

 

Offentlege midlar, n (%)

0 (0 %)

1223 (55 %)

Helseforsikring, n (%)

1 (1 %)

14 (0,5 %)

Pasienten betaler sjølv, n (%)

111 (97 %)

992 (44 %)

Manglar data om finansiering, n (%)

2 (2 %)

11 (0,5 %)

* Stipulert dekningsgrad for offentlege sjukehus er 64% i Noreg og 98% i Sverige. I Noreg starta fem offentlege sjukehus med å rapportere til SOReg i løpet av 2016.
# Gjeld primæroperasjonar. Basert på data frå 1193 av 1201 tilviste pasientar i Noreg og 2658 av 3274 tilviste i Sverige. 
Dato søknad er motteke vil seie dato søknaden frå primærlege er registrert motteke i spesialisthelsetenesta, uavhengig av  om søknaden er vidaresendt internt i spesialisthelsetenesta. Dette kan ha blitt registrert annleis på enkelte sjukehus i Sverige. 
¤ Stipulert dekningsgrad for private sjukehus er 13% i Noreg og 98% i Sverige.

Årsrapporter