Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi

Korleis bidrar registeret til å betre kvalitet?

Prosjekt for å auke del pasientar med ferdigstilte årskontrollar i SOReg-N

Tal frå SOReg-N viser stor variasjon i kor mange fedmeopererte som er registrert med kontroll etter 1 og 2 år innan normtid (1). I 2018 fekk registeret tildelt midlar til eit prosjekt med mål om å auke del pasientar som blir registrert med årskontroll etter 1 og 2 år. Prosjektet er basert på gjennombrotsmetoden, som gjer ein systematisk tilnærming til å starte opp med lokalt forbetringsarbeid. To representantar frå kvart av sjukehusa som er med i prosjektet skal delta på tre samlingar der ein gir opplæring i metodar for å planlegge, gjennomføre og måle effekt av tiltak for forbetring.

Mellom samlingane skal deltakarane planlegge og setje i verk tiltak lokalt. Registeret følger opp undervegs ved å levere tal for kor mange pasientar som har ferdigstilte kontrollskjema i registeret.

Fem sjukehus er med i prosjektet, og den første samlinga var i februar 2019.

 (1) Normtid for årskontrollar er sett til 1 år +/- 3 månader og 2 år +/- 3 månader.

 

 

 


 

[1] Normtid for årskontrollar er sett til 1 år +/- 3 månader og 2 år +/- 3 månader.

 

 

     

   

Årsrapporter