Skjema
Generiske skjema gjer det mogleg å samanlikne ulike pasientgrupper, mens sjukdomsspesifikke spørjeskjema kan vere naudsynte for å fange opp viktige aspekt innan ein bestemt sjukdoms- eller pasientgruppe.
Vår generelle anbefaling er å nytta ein kombinasjon, men om antall skjema må begrensast anbefal vi å prioritera det sjukdomsspesifikke instrumentet.
Generiske skjema
Generiske skjema måler aspekt på generell helse, og gjer det mogeleg å samanlikne helse og effekt av behandling på tvers av pasientgrupper. På denne sida finn du informasjon om nokre generiske skjema for voksne og barn/unge som er tilgjengelig på norsk.
Sykdomsspesifikke skjema
Sykdomsspesifikke skjema vert nytta for å undersøkje effekten av ein gitt behandling, eller for å samanlikna ulike behandlingar innan ei sjukdomsgruppe. Dei sjukdomsspesifikke skjemaene er utforma for å respondera på endring i eit behandlingsløp, og er difor meir klinisk relevante enn generiske skjema.
Ta kontakt med oss på Fagsenter for pasientrapportete data om du ynskjer bistand til å finne et sjukdomsspesifikt skjema til di pasientgruppe.
Frykt for covid-19
Som følgje av korona-pandemien har mennesker over heile verda hatt ei kjensle av uro og redsle for å bli smitta av viruset og for å utvikla sjukdommen covid-19. Ei forskingsgruppe i Iran leda av professor Amir H. Pakpour har utvikla eit instrument som har som føremål å få eit mål på denne frykta. Skjemaet har 7 spørsmål, er rapportert å ha gode psykometriske eigenskapar, og er validert for å måle frykt i den generelle befolkning.
I samråd med skjemautvikler Pakpour har Fagsenter for pasientrapporterte data omsett skjemaet til norsk og validert det for psykometriske eigenskapar i ein norsk generell befolkning. Valideringsprosjektet er eit samarbeid mellom Fagsenter for pasientrapporterte data og BiE Team (Bergen i Endring), Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen.
Fagsenter har fått ansvar for å koordinera den norske versjonen. Skjemaet er til fri bruk. Om ditt register er interessert i å bruke «Frykt for covid-19», eller har behov for meir informasjon, ta kontakt med oss på: promsenter@helse-bergen.no.