Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

— PREM gir pasientane ei stemme i helsetenesta

Korleis opplever pasientar å bli møtt, høyrt og behandla ved norske sjukehus? PREM har eit stort potensial for å måla slike pasienterfaringar, meiner Hege Christensen i regionalt brukarutval, Helse Vest.

Randi Solhaug
Publisert 07.10.2025
Sist oppdatert 27.10.2025
Smilende dame med solbriller

Foto: Privat

Hege Christensen var ein av bidragsytarane på Helse- og kvalitetsregisterkonferansen 2025. Ho meiner pasientane får ei sterkare og viktigare stemme i helsetenesta ved hjelp av PREM, og påpeikar at det er gull verdt for kvalitetsarbeidet.

PREM er ei forkorting for det engelske omgrepet “Patient Reported Experience Measures”, og blir brukt som eit mål på pasienterfaringar. Det vil seia at pasienten sjølv fyller ut spørjeskjema om eiga oppleving og tilfredsheit i møte med helsetenesta. I skjemaet svarer pasientane mellom anna på spørsmål om medverknad, tilgang på informasjon, tilgjengelegheit og tillit til helsepersonell. 

Målet med PREM er kort og godt å finna ut korleis pasientane opplever å bli møtte, høyrt og behandla i spesialisthelsetenesta. Ved hjelp av PREM får pasientane ei stemme til å fortelja om erfaringane sine.

Tilfredsheitsmåling av hjelpa pasientar får 

Ein kan også sjå PREM som ei form for tilfredsheitsmåling av hjelpa ein pasient får i spesialisthelsetenesta. Noko som er både bra og naudsynt, ifølgje Hege Christensen i regionalt brukarutval, Helse Vest: 

— For når pasientane får sleppa til med kunnskapen sin, får me eit endå betre utgangspunkt for gode endringar.  

Christensen heldt foredraget «Frå taus kunnskap, til ei tydeleg retning» på Helse- og kvalitetsregisterkonferansen 2025. Foredraget handla om PREM og kvifor det er nyttig både for pasient og behandlande institusjon.  

PREM er allereie foreslått som indikator på nytt rammeverk for pasienttryggleik, men truleg har det fleire bruksområde. I foredraget tok Christensen også til ordet for å gjera PREM til ein ny, nasjonal kvalitetsindikator.  

— Eg er ikkje utilfreds med kva me har fått til i dag, men ein kan alltids drøyma om meir. Det er viktig å påpeika at PREM ikkje er meint å erstatta fagkunnskap og driftskompetanse, men må sjåast saman med dette for å gi ei breiare forståing av dei utfordringane me har. 

I dag har berre ein del av dei medisinske kvalitetsregistera teke i bruk PREM. Dei har likevel teke i bruk PROM (Patient Reported Outcome Measures). Men i PROM rapporterer pasientane korleis resultatet av behandlinga har vore, og ikkje korleis prosessen med å få behandling vart opplevd.

Kan synleggjera både gull og uheldige hendingar

Brukermedverknad er ein lovfesta rett og det betyr at brukarar har rett til å medverka og ha innverknad på si eiga behandling i helsetenesta. Helse- og omsorgstenesta har på si side plikt til å involvera brukarar. Ifølgje Hege Christensen gagnar dette tenesta: 

— For det er pasientane som gjer jobben med å rapportera inn. Og det er ein heilt ny kunnskap som kan visa gull, men også variasjon som ikkje skal vera der.  

I tillegg til rein innsamling av data frå pasientar, påpeikar ho at PREM også vil ha ein opplæringseffekt hos befolkninga. Helsevesenet ber pasientar om tilbakemelding på det som er viktig (informasjon osb.) og dei utvalde temaa bringar dermed med ei auka medvit og merksemd hos pasientar. Auka helsekompetanse er derfor forventa ved bruk av PREM.

Ei slik systematisk innsamling av pasienterfaringar kan dessutan avsløra forskjellar mellom sjukehus og fagområde. 

— Det har også eit enormt potensial i forsking, meiner Christensen. 

Her kan du lesa meir om PROM og PREM i kvalitetsregistera. PROM og PREM i kvalitetsregistera - Helse Bergen HF 

Over 400 deltakarar på konferansen 

Om lag 420 deltakarar var samla i Bergen 23.—24. september til årets viktigaste møteplass for helseregisterfeltet, Helse- og kvalitetsregisterkonferansen.

Årets konferanse hadde tittelen “Helsedata - frå nasjonale til globale perspektiv”, og vart arrangerte av SKDE, FHI og Helsedirektoratet. Deltakarane fekk høyra foredrag om alt frå helsedata i krisetider, European Health Data Space (EHDS), global helse, likeverdige helsetenester, kva sjukehusa skal gjera mindre av og internasjonale samanlikningar. I tillegg var det 16 ulike foredrag å velja mellom i parallellsesjonar.  

Sjå også: Forsvaret bør samarbeida meir med kvalitetsregistera