Brukarar styrkjer kvalitetsregistera
Brukarinvolvering er avgjerande for god kvalitet i helsetenesta. Brukarseminaret i år samla engasjerte deltakarar som delte erfaringar, gav inspirasjon og bidrog til vidare utvikling av kvalitetsregistera.

Foto: Philip Skau
God kvalitet i helsetenesta forutsett at det tas omsyn til erfaringar og synspunkt frå brukarane. Brukarinvolvering er ein sentral pasientrett og eit viktig satsingsområde for arbeide i og med medisinske kvalitetsregister.
Alle dei nasjonale kvalitetsregistera har eit fagråd som gir innspel til vidareutvikling av registera, og i desse fagråda er det brukarrepresentant.
Inspirerande innlegg
Kvart år arrangerer Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregistre eit seminar for alle brukarrepresentantar i dei nasjonale kvalitetsregister. Fagsenteret i Vest koordinerer programkomiteen for dette seminaret. Seminarets hovudføremål er å legge til rette for fag- og erfaringsutveksling og diskusjonar mellom brukarrepresentantar i fagråda. Andre pasient- og brukarorganisasjonar som ikkje er knytt til kvalitetsregistera er også invitert.
I år var seminaret 16. mars og det var fleire inspirerande innlegg. Blant anna kan ein nemne brukarar si rolle i etablering av nye kvalitetsregister og korleis ein kan bruke og formidle resultata frå registera. Det var gode diskusjonar og interessante refleksjonar som bidrar til å styrke brukarinvolvering i registera.
Pasienterfaring er gull
— Som brukarrepresentant for Mental Helse i fagrådet til ECT-registeret hadde eg gleda av å vera deltakar, men også bidragsytar. Bestillinga var å snakka om korleis med som organisasjonar vil og kan bruka kunnskapen dei nasjonale registera samlar inn, seier leiar i Mental Helse, Ole Marius Minde Johnsen.
— For Mental Helse så meiner me at systematisk innhenting av kunnskap og spesielt pasienterfaringar, er gull verde i nasjonale register. Dette kan gje oss eit langsiktig grunnlag på korleis tenestene fungerer, ikkje fungerer og forbetringspotensial. Enn så lenge er ikkje aktuelle register heilt komplett, men dei vil absolutt vera aktuelle å nytta oss av, fortel Johnsen.

Foto: Inger Elise Engelund