Inviterer brukarrepresentantar til nasjonalt seminar
Brukarmedverknad er ein viktig del av arbeidet med medisinske kvalitetsregister. Derfor blir brukarrepresentantar og pasientorganisasjonar inviterte til eit eige seminar i Oslo 5. april.

Foto: Inger-Lise Englund
Kvart år arrangerer Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregister eit seminar for alle brukarrepresentantar i dei nasjonale kvalitetsregistera.
Seminaret er ein møteplass for læring, røynselutveksling og diskusjon for deltakarar som ønskjer å knytte nye kontaktar på tvers av register og fagområde.
Vil du vere med? Les meir og meld deg på her: Brukerseminar 2027 - Nasjonalt Servicemiljø for Medisinske kvalitetsregistre
Her kan du lesa om brukarseminaret som vart arrangert i mars 2026: Brukarar styrkjer kvalitetsregistera - Nasjonalt Servicemiljø for Medisinske kvalitetsregistre