Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

SmerteReg har god datakvalitet og har allereie forbetra registreringa

Ein ny studie viser at Nasjonalt kvalitetsregister for smertebehandling (SmerteReg) har moderat til høg datakvalitet. Funna har allereie ført til endringar i registeret for å gjere registreringa endå enklare og meir presis.

Randi Solhaug
Publisert 07.09.2026
Tre personer foran en pc-skjerm

Illustrasjon: Colourbox

Studien viser at registeret samla sett hadde ein korrektheit på 69 prosent.

Resultata er publiserte i ein fagfellevurdert artikkel i Tidsskrift for Den norske legeforening. 

SmerteReg er eit viktig verktøy for kvalitetsforbetring, forsking og styring av smertebehandling.

I 2024 fekk registeret midlar frå SKDE til å undersøkje kvaliteten på dei registrerte opplysningane. Undersøkinga vart gjennomført i 2025 og engasjerte smerteteam over heile landet. 

Dei fleste variablane held god kvalitet 

Studien viser at registeret samla sett hadde ein korrektheit på 69 prosent. Resultata varierte mellom dei ulike variablane, frå 29 til 99 prosent.

Av dei 22 variablane som er knytte til kvalitetsindikatorane i registeret, hadde tretten moderat til svært god korrektheit. 

Datakvaliteten var best for opplysningar som kan hentast direkte frå pasientjournalen. 

Godt samsvar mellom registrarar 

SmerteReg har tidlegare også undersøkt kor likt ulike registrarar tolka og registrerte dei same opplysningane. Her var resultata gode for dei fleste variablane.

Av 27 undersøkte variablar hadde 22 eit samsvarsestimat på 0,6 eller høgare, noko som tyder på godt samsvar mellom registreringane.

Variablar som krev meir skjønn og tolking, hadde svakare resultat. Det gjaldt særleg registrering av smerteintensitet og opplysningar om plan for nedtrapping av opioid.

Har ført til konkrete endringar 

Studien har ikkje berre gitt kunnskap om datakvaliteten. Funna har også ført til konkrete forbetringar i registeret.

Mellom anna er registreringa av smerteintensitet forenkla, og rettleiinga til dei som registrerer data er oppdatert. Målet er å gjere registreringane meir einsarta og styrkje datakvaliteten ytterlegare.

Du kan lesa heile artikkelen her:

Datakvalitet i Nasjonalt kvalitetsregister for smertebehandling | Tidsskrift for Den norske legeforening 

Her kan du lesa meir om Nasjonalt kvalitetsregister for smertebehandling (SmerteReg).