Statusrapporten for 2025
Medisinske kvalitetsregister - ein nøkkel til betre helsetenester
Medisinske kvalitetsregister er ein nøkkel til å styrkje kvalitet og pasienttryggleik i helsetenesta. Bruken av resultat frå helseregister har auka betydeleg dei siste åra og er ein sentral del av den helsepolitiske satsinga for betre kvalitet.

Foto: Shutterstock
Medisinske kvalitetsregister samlar strukturert informasjon om utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar i norsk spesialisthelseteneste. Informasjonen gir oss høve til å vurdera kor god kvaliteten på pasientbehandlinga er.
Kunnskap frå medisinske kvalitetsregister kan også brukast til å styrkja både kvalitet og pasienttryggleik, og på den måten gjera helsevesenet betre.
Dei medisinske kvalitetsregistera sin statusrapport for 2025 er no klar. I ho finn du ei oppsummering av arbeidet som var gjort på kvalitetsregisterfeltet i fjor.
Synleggjer effektar av kvalitetsforbetringsprosjekt
Medisinske kvalitetsregister er verktøyet som gjer kvalitetsforbetringsarbeid mogleg og målretta.
I dag kan fleire register dokumentere konkrete effektar av forbetringsprosjekt ved norske sjukehus. I statusrapporten kan du lesa nokre av erfaringane som registera har gjort seg med kvalitetsforbetringsprosjekt - både suksessfaktorar og fallgruver.
- Norsk gynekologisk endoskopiregister (NGER) har sett at tett dialog med sjukehusa er avgjerande for kontinuerleg forbetring. Difor inviterer dei til årleg kvalitetskontroll med alle sjukehusa.
- MS-registeret har sidan 2017 gjennomført ei rekkje kvalitetsforbetringsprosjekt. Noko som har gjeve dei tilsette i registeret verdfulle erfaringar som dei gjerne delar.
- Norsk nakke- og ryggregister sette i gang eit kvalitetsforbetringsprosjekt då klinikarar melde om at pasientar med tolkebehov ikkje fekk behandling på lik linje med norsktalande pasientar.
Legg større vekt på likeverdige helsetenester
Dei medisinske kvalitetsregistera har òg stort potensial i å avdekkje om sosioøkonomi og andre forhold påverkar om pasientane får likeverdige helsetenester. I statusrapporten kan du lesa om at SKDE no, saman med registera, skal sjå på moglegheitene for å utforska dette ytterlegare.
I 2025 publiserte SKDE, i samarbeid med Nasjonalt senter for kinnehelseforsking, rapporten Betydning av kjønn for behandlingskvalitet i norske sjukehus. Ho viser små skilnader mellom kvinner og menn. I 2026 vil SKDE ha eit særskilt søkelys på kjønnsforskjellar, og framover ønskjer dei å sjå breiare på faktorar som innvandring, inntekt, utdanning og funksjonsnivå.
– Eg vil rette ein stor takk til alle som har bidrege til arbeidet med medisinske kvalitetsregister i 2025. Statusrapporten gir ein status for utviklinga og vegen vidare, seier Philip Skau, leiar av Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregister.
Kva er eit medisinsk kvalitetsregister, og kvifor er dei viktige for norske sjukehus? Sjå videoen: