Tid og sted
Når
- 31. golg 2025
Type arrangement
Elektronisk innhenting av pasientrapporterte data (ePROM)
Fagsenter for pasientrapporterte data bidrar i arbeidet med å legge til rette for at dei nasjonale medisinske kvalitetsregistra på ein smidig datateknisk måte kan innhente pasientrapporterte data. Helse Midt IKT (HEMIT) har på oppdrag frå SKDE utarbeidd og etablert ei løysning for elektronisk innhenting av PROM-datadata (ePROM).
Ikkje alle pasientar kan eller ynskjer å fylle ut spørjeskjema elektronisk. Dette gjer at registra går glipp av viktig informasjon, og det påverkar både svarprosent og validitet av resultata. For å sikre at pasientane også kan fylle ut PROM-skjema på papir, er det difor og utvikla ei teknisk løysing for papirflyt for PROM-skjema (PiPP), som sørgjer for at svar henta inn gjennom spørjeskjema på papir blir lagt inn saman med data frå ePROM.
For å stimulere fleire nasjonale medisinske kvalitetsregister til å gå over til ePROM og oppkopling til PiPP (ei teknisk løysing for utsending og innhenting av papirskjema for PROM), lyser Fagsenter for pasientrapporterte data ut midlar til å dekke deler av kostnadane knytt til overgang til ePROM.
Kven kan søkje og kva kan det søkjast om?
Formålet med midlane er å medverke til at pasientrapporterte data blir henta inn i dei nasjonale medisinske kvalitetsregistra, og at innsamla data blir nytta i kvalitetsarbeid og forsking. Det kan søkjast om midlar til:
- Etablering av ePROM for elektronisk innhenting av pasientrapporterte data, og eventuelt kopling til PiPP prosjektet for automatisk papirutsending.
- Kjøp av bistand for å få etablert skjema på registerløysing og integrasjon.
Tilgjengelege søkbare midlar for 2025 er 200 000 NOK. Søknads- og tildelingssum er avgrensa til eit maksimalt beløp på 100 000 NOK per register. Søknadane vil bli vurdert og prioritert ut frå kvalitet, og om det er mogeleg å gjennomføra prosjekta innan 12 månader frå tildeling.
Kriterium for vurdering av søknadane og tildeling
- Midlane kan kun tildelast medisinske kvalitetsregister med nasjonal status.
- Det er utarbeidd kriterium for kva som må vere på plass hos kvart enkelt register før innføring av eller overgang til elektronisk løysing for innhenting av PROM kan tas i bruk, og desse må vere oppfylt og dokumentert før ein eventuell tildeling av midlar. Kriteria finn du her.
- Det må i søknaden gjerast greie for kva midlane konkret vil bli brukt til, som direkte kostnader til kopling til ePROM, kopling til PiPP for automatisk papirutsending, og evt. nødvendig frikjøp av personell eller kjøp av ekstern bistand for å klargjøre register for oppkopling til ePROM.
- Tildelte midlar skal utelukkande nyttast til å få på plass ePROM og/eller PiPP løysinga.
Det blir ikkje tildelt midlar til ordinær registerdrift og/eller drift av elektronisk innrapporterings- og/eller resultatløysing. - Prosjektet skal vere mogleg å realisere innanfor prosjektperioden.
Søknadsskjema finn du her. Søknadsfrist er fredag 31. oktober 2025. Midlane vil bli tildelt som ein eingongssum. Prosjektperioden er inntil 12 månader, med seinaste oppstart av prosjektet 03.03.2026.
Prosjektsøknad sendes Fagsenter for pasientrapporterte data på PROMsenter@ihelse.net. Merk e-post «Søknad om ePROM-midlar 2025-26» eller «Søknad om midlar PROM i klinisk praksis». Eventuelle spørsmål om utlysinga kan sendast til PROMsenter@ihelse.net
Rapportering og overføring av midlar
Ein fagleg sluttrapport over bruken av midlar, kva som er oppnådd med midlane - og særleg erfaringar som kan vere nyttige for andre fagmiljø i og utanfor dei nasjonale kvalitetsregistra - skal sendast Fagsenter for pasientrapporterte data innan 31.12.2026.
Ubrukte midlar kan berre unntaksvis overførast til året etter tildeling etter særskilt grunngjeven søknad til fagrådet for Fagsenter for pasientrapporterte data. Dersom midlane ikkje er brukt i tråd med søknaden og innan prosjektperioden, kan det bli krav om å betale dei tilbake. Søknad om forlenging av prosjektperioden må sendast til Fagsenter for pasientrapporterte data seinast 31.10.2026 (i tildelingsåret). Det kan søkjast om utsetjing av prosjektperioden ein gong.