Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Ferske resultat frå dei medisinske kvalitetsregistera

Årsrapportane for 2024 viser fleire positive utviklingstrekk i helsetenesta: Færre får hjarteinfarkt og fleire barn og unge får psykisk helsehjelp.

Randi Solhaug
Publisert 02.07.2025
Sist oppdatert 03.07.2025
Diagrammer og analyser

Illustrasjon: Colourbox

I juni kvart år publiserer dei medisinske kvalitetsregistra i Noreg årsrapportar. Desse rapportane inneheld nøkkeltal om kvalitetsforbetring, forsking, datakvalitet og pasientrapporterte data.  

Dei fleste årsrapportane for 2024 er no klare og kan mellom anna gje samanlikningar mellom ulike helseføretak eller regionar. Det kan hjelpe helseføretaka med å identifisere områder der dei kan forbetre seg.  

Rapportane inneheld mange spennande funn, og du finn dei ved å gå inn på denne samlesida og klikke på nettsida til kvart enkelt register. Her følgjer nokre av resultata: 

Nesten alle med MS får effektiv behandling frå start 

Norsk MS-register og biobank melder at i 2024 starta nesten 100 prosent av dei nydiagnostiserte pasientane med atakkprega multippel sklerose direkte på høgeffektiv behandling. Ifølgje registeret er det eit uttrykk for lik behandlingspraksis på tvers av helseføretaka i Noreg. Rituksimab er framleis det mest brukte medikamentet.

Fleire registrerte i diabetesregisteret 

Norsk diabetesregister for vaksne skriv at dei stadig veks, og i 2024 vart over 180 000 personar registrerte med kliniske data – ein auke på 30 000 frå året før. Dekningsgraden for personar med diabetes type 1 som går til kontroll ved diabetespoliklinikkar, er no på imponerande 91 prosent.  

Førebelse internasjonale samanlikningar viser dessutan at Noreg er i verdsklasse når det gjeld blodsukkerregulering.

Fleire barn og unge får psykisk helsehjelp 

Nasjonalt kvalitetsregister for psykisk helsevern barn og unge (KVABUP) fortel at i 2024 fekk 72  317 barn og unge (0–17 år) helsehjelp frå psykisk helsevern for barn og unge (PHBU). Det er ein auke på 28,3 prosent samanlikna med 2019, då 56  357 pasientar fekk hjelp. Veksten kjem hovudsakleg frå meir  klinisk aktivitet.

Fleire unge kvinner skadar kneet i idrett 

I årsrapporten til Nasjonalt korsbåndregister står det at talet på innrapporterte primære korsbåndsrekonstruksjonar og talet på revisjonar var høvesvis 2152 og 249 i året som gjekk. Dette viser at auken i talet på inngrep dei siste åra ikkje berre kjem av etterslep av pandemien, men truleg er ein reell auke i kor mange som vert opererte for fremre korsbåndsskade.  

Ein viktig trend i registeret er at fleire unge kvinner skader seg og treng kirurgi. Utviklinga er særleg tydeleg i fotball og handball, noko ein kan forklare med at fleire jenter deltek i desse idrettane.

Færre hjerneslag 

I 2024 vart det registrert 8 845 akutte hjerneslag ved 50 norske sjukehus, skriv Norsk hjerneslagregister (NHR). Det vart registrert 127 færre hendingar med hjerneslag i NHR i fjor samanlikna med 2023.  

Haraldsplass Diakonale Sjukehus fekk kvalitetsprisen for 2024 frå NHR. Dei fekk prisen fordi dei har er mykje betre på å nå måla for god behandling, har god registrering og god oppfølging etter utskriving.

Færre hjarteinfarkt  

Tal frå Norsk hjarteinfarktregister viser at det vart registrert 9 691 hjarteinfarkt i Noreg i 2024, noko som er 622 færre enn året før. Sidan 2015 har talet på hjarteinfarkt gått ned med rundt 4 prosent kvart år, spesielt blant eldre og kvinner. Nedgangen gjeld både for alvorlege infarkt (STEMI) og mindre alvorlege (NSTEMI).

Registeret inneheld no data om over 143 000 hjarteinfarkt for perioden 2013—2024. Det gjer registeret til ein viktig ressurs for forsking - sjølv om det framleis blir brukt for lite.

Færre fedmeoperasjonar 

I 2024 vart det rapportert 1 454 fedmeoperasjonar i Noreg, meld Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi. Totalt er 15 774 slike inngrep registrerte (per 5. mai 2025). To og fem år etter fedmekirurgi ser ein stor nedgang i pasientar som treng behandling for sjukdommar som type 2-diabetes, søvnapné og høgt blodtrykk. Før operasjon hadde pasientane i snitt ein kroppsmasseindeks (KMI) på 42,4 – fem år etter låg den på 31.

Talet på operasjonar har gått ned dei siste åra, truleg fordi fleire brukar slankemedisin før kirurgi.