Forskingspris til studiar av autoimmune hormonsjukdommar

Image
Forskingsprisvinnar Eystein Sverre Husebye, UiB/Haukeland universitetssjukehus. Foto: Irene Hjelaas, UiB
Eystein Sverre Husebye fekk forskningsprisen i Helse Vest for hans forsking innanfor autoimmune endokrine sjukdommar. Husebye er faglig leder i det nasjonale kvalitetsregisteret ROAS.

Eystein Sverre Husebye, professor ved Universitetet i Bergen og overlege ved Haukeland universitetssjukehus, er svært takksam for forskingsprisen han har fått. Forskinga har fokusert på pasientar med autoimmun binyrebarksvikt og polyendokrin svikt. Mange av forskingsfunna er omsett til klinisk praksis og har bidrege til auka kvalitet i pasientbehandlinga. Det skriver Helse Vest på sine nettsider. 

– Prisen er ei flott anerkjenning ikkje berre for meg, men heile forskingsgruppa Endokrin Medisin. Målet vårt har heile tida vore å jobbe pasientretta med problemstillingar frå genetikk til diagnostikk og behandling. I dette arbeidet har har vi hatt eit særs godt samarbeid med pasientorganisasjonen Morbus Addison Forening. Deira medverknad har vore avgjerande, seier Husebye.

Han har sidan 1996 bygd opp ei verdsleiande forskingsgruppe innanfor hormonsjukdommar, med særleg vekt på endokrine binyresjukdommar. For mange pasientar har dette ført til at sjukdommen er blitt oppdaga tidlegare, og pasientane har dermed fått rett diagnose, behandling og oppfølging.

ROAS

Hovedtyngda av forskinga har sitt utgangspunt i “Register for organ-spesifikke autoimmune sykdommer”, ROAS. Etter etableringa i 1996 er registeret vokst til verdas største pasientregister og biobank for pasientar med binyrebarksvikt (Addisons sjukdom). I 2013 fekk ROAS status som Nasjonalt medisinsk register.

Husebye har gjennom eit over tjue år langt virke som forskar, lege, lærar og formidlar, bygd opp ei akademisk sjukehuseining i verdsklasse og bidrege til forbetra diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar med binyresjukdommar. Han har også i 25 år vore rådgivande lege for Morbus Addison Forening.

Utdrag frå grunngivinga til komiteen

Husebye har arbeidd målretta med å betre forholda for den relativt begrensa pasientgruppa med slik alvorleg sjukdom. I tilegg til mekanismeorientert forsking, inkluderer innsatsen hans, betring av diagnostiske metodar, laboratorieanalysar og laboratorierutinar.

Forskinga hans omfattar også betring av terapi. Etablering av bruk av kontinuerleg subcutan pumpebehandling er eit godt eksempel på behandlingsframskritt i denne samanhengen. Husebyes forsking har heilt klart kome den aktuelle pasientgruppa til gode.