Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi

Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi

Om registeret
Resultater
Kvalitetsforbetring
Forsking
Kontakt

SOReg-N er eit landsdekkande medisinsk kvalitetsregister som kan ta imot data frå sjukehus som utfører fedmekirurgi i Noreg. Registeret er den norske versjonen av eit skandinavisk kvalitetsregister for fedmekirurgi, Scandinavian Obesity Surgery Registry (SOReg), som vart teke i bruk i Sverige i 2007. Den norske utgåva vart knytt til den skandinaviske plattforma i 2014, og fekk i 2015 status som nasjonalt register. 

Om fedmekirurgi

Dei to vanlegaste operasjonsmetodane for fedmekirurgi i Noreg er gastrisk sleeve (vertikal ventrikkelreseksjon) og gastrisk bypass. Ved gastrisk sleeve vert store deler av magesekken fjerna. Dette gir ei fysisk avgrensing for kor mykje pasienten kan ete.  

Ved gastrisk bypass koplar ein ut det meste av magesekken og øvre del av tynntarmen. Dette fører til redusert matinntak og endring av matpreferansar. Utkoplinga av tynntarmen kan gje redusert opptak av næring frå tarmen.  Det finst ulike former for gastrisk bypass og i denne  framstillinga er det ikkje skilt mellom desse.

Nokre av operasjonane i SOReg-N er såkalla revisjonsoperasjonar. Dette er operasjonar der ein korrigerer den førre fedmeoperasjonen eller gjer den om til ein annan fedmeoperasjon.  Ein  revisjonsoperasjon kan verte utført av ulike grunnar, som at pasienten ikkje går nok ned i vekt, har for stor vektnedgang eller har plager etter den første operasjonen.

Formål

Formålet med registeret er å kartlegge omfanget av og kvaliteten på fedmekirurgi i Noreg, og å studere endringar i vekt, sjukdomstilstand og sjølvopplevd helse hjå opererte pasientar i inntil ti år etter operasjonen. Opplysingar frå registeret vil bli brukt både til kvalitetssikring, forbetring av pasientbehandlinga og til forsking.

Pasientar

Alle pasientar som får utført fedmeoperasjon eller revisjon (korrigering) av tidlegare utført fedmeoperasjon kan inkluderast i SOReg-N.

For å bli operert for fedme i Noreg må ein vanlegvis tilfredsstille internasjonalt aksepterte kriterium for fedmekirurgi:

  • kroppsmasseindeks ≥ 40 eller
  • kroppsmasseindeks ≥ 35 med følgjesjukdom som type 2-diabetes, søvnapné (nattlege pustestopp) eller belastningsrelaterte smerter i vektberande ledd 
  • Type 2-diabetes mellitus med KMI 30-35, etter særskilt vurdering

For asiatar med type 2-diabetes er kravet til KMI for dei to siste kriteria 2,5 kg/m² lågare.

Kva måler vi?

Det er utarbeidd eit sett med kvalitetsindikatorar som  indirekte mål for kvaliteten på behandlinga. For å få nødvendig informasjon til kvalitetsindikatorane skal det for kvar pasient førast informasjon om helsetilstand før og etter operasjon. Det skal noterast kva som vert gjort under operasjon, eventuelle komplikasjonar, og vekt og høgde frå kontrollar etter seks veker, eitt år, to år, fem år og ti år.

Kvalitetsindikatorane i SOReg-N er utarbeidd saman med fagfolk frå det svenske registeret for fedmekirurgi (SOReg-S):  

Kvalitetsindikator 1: Del pasientar med tre eller færre liggedøgn etter operasjon.

Tal på liggedøgn fortel kor stor del av pasientane som har hatt eit forlenga sjukehusopphald. Fire liggedøgn eller meir behøver ikkje bety at det har oppstått ein komplikasjon, men ein tidleg komplikasjon vil ofte føre til forlenga opphald.

Kvalitetsindikator 2: Del pasientar som har blitt reinnlagt på sjukehus innan 30 dagar etter operasjon.

Indikatoren skal fange opp pasientar med komplikasjonar. Dette kan vere mindre alvorlege komplikasjonar som til dømes magesmerter eller kvalme, men det kan også vere meir alvorlege komplikasjonar som først viser seg etter at pasienten har reist heim frå sjukehuset. 

Kvalitetsindikator 3: Del pasientar som får alvorlege komplikasjonar dei første 30 dagane etter operasjonen.

For å bedømme alvorsgrad av ein komplikasjon brukar ein Clavien-Dindo-klassifikasjonen. Alvorsgrad med Clavien-Dindo 3b eller høgare vert rekna som ein alvorleg komplikasjon. Ved alvorsgrad 3b har pasienten ein komplikasjon eller mistanke om komplikasjon som krev behandling eller undersøkingar der pasienten vert lagt i narkose. Merk at ein nokre gonger kan gjere ein operasjon i narkose som del av ei utreiing for komplikasjon utan at ein finn noko gale.

Kvalitetsindikator 4: Del pasientar som blir følgde opp postoperativt innan normtid etter eitt år.
Kvalitetsindikator 5: Del pasientar som blir følgde opp postoperativt innan normtid etter to år.

Indikator 4 og 5 viser om det er utført eitt- og toårskontroll etter operasjon, og om kontrollane vart utført innan normtid. Normtid er definert som 12 +/- 3 månader for eittårskontroll og 24 +/- 3 månader for toårskontroll.

Pasientar som møter til regelmessig oppfølging  vil kunne få betre grunnlag for å forstå endringar som fedmekirurgi og vekttap fører med seg. Samstundes kan god oppfølging gje betre justering og behandling av følgjesjukdom, og føre til tidleg avdekking av mogelege komplikasjonar.

Kvalitetsindikator 6: Del pasientar med tap av 20% kroppsvekt eller meir (TWL ≥ 20%).

Hovudmålet med fedmekirurgi er å redusere vekt, betre livskvalitet og å redusere eller fjerne følgjesjukdom.  Innverknaden på fleire av følgjesjukdomane har samanheng med kor stor vektnedgangen er: Dess større vektnedgang, desto betre effekt på følgjesjukdom som høgt blodtrykk eller diabetes. Val av operasjonsmetode og operasjonstekniske detaljar kan ha noko å seie både for vekttap og biverknader etter operasjonen. Kor nøye pasienten følgjer opp instruksjonar om kosthald og mosjon kan også spele inn. 

Sjukehus

Alle dei 14 offentlege, og fire av sju private sjukehus som utfører fedmekirurgi leverer data til registeret. Aleris, LHL-sjukehuset Gardermoen og Volvat Stokkan leverer ikkje data til registeret. 

Korleis bidrar registeret til å betre kvalitet?

Prosjekt for å auke del pasientar med ferdigstilte årskontrollar i SOReg-N

Tal frå SOReg-N viser stor variasjon i kor mange fedmeopererte som er registrert med kontroll etter 1 og 2 år innan normtid (1). I 2018 fekk registeret tildelt midlar til eit prosjekt med mål om å auke del pasientar som blir registrert med årskontroll etter 1 og 2 år. Prosjektet er basert på gjennombrotsmetoden, som gjer ein systematisk tilnærming til å starte opp med lokalt forbetringsarbeid.

Kvalitetsforbetringsprosjektet vart gjennomført i 2019 og representantar frå fem sjukehus deltok med to representantar kvar. Det har vore tre samlingar. Mellom samlingane skulle deltakarane utarbeide og gjennomføre lokale prosjekt for å auke talet på pasientar som fekk årskontroll innan normtid. Tiltak som vart prøvd ut i prosjektet var: Betre rutinar for innkalling, betre informasjon om kontrollar og betre rutinar for registrering og ferdigstilling av kontrollskjema i SOReg. 

For sjukehusa som var med i prosjektet har vi sett meir stabilitet i del pasientar som har fått eit-års kontroll innan normtid og ei viss betring i del pasientar som har fått to-års kontroll innan normtid.
 

Forsking

Det er lagt til rette for at data frå SOReg-N kan brukast til forsking. 

SOReg-N innleia i 2017 eit samarbeid med SOReg-S og det nasjonale registeret for fedmekirurgi i Nederland. Den første artikkelen frå dette samarbeidet vart trykt i tidsskriftet Obesity Surgery i 2018. I denne artikkelen vurderer vi mellom anna om variablane er samanliknbare, og vi samanliknar fedmekirurgi i dei tre landa med fokus på komplikasjonar (1). 

Artikkel nummer to vart publisert på nett i Annals of  Surgery i april 2019. I artikkelen bruker vi data frå 47101 opererte pasientar til å samanlikne korttidsutfall av dei to operasjonsmetodane gastrisk sleeve og gastrisk bypass på institusjonsnivå i dei tre landa (2).  

 (1) https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/30027332
 (2) https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/30921054 

 

 

Kontaktpersoner

Databehandlingsansvarlig:
Helse Bergen

Hjemmeside: 
http://helse-bergen.no/soreg

E-post: 
soreg-norge@helse-bergen.no

Kontaktpersoner:
Registerleiar:
Villy Våge
Telefon: 908 63 744
epost: villy.vage@helse-bergen.no