Kirurgisk teknikk kan påverke vekttap

Image
kirurgi
Ved hjelp av data frå mellom anna Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi, har forskarar funne at måten fedmekirurgi blir utført på kan påverke vekttap og biverknader hos pasientane.

Ein fersk studie viser at måten fedmeoperasjonen sleeve gastrektomi blir utført på, kan påverke vekttapet til pasientane. Sleeve gastrektomi er eit kirurgisk inngrep der ein del av magen blir fjerna, noko som resulterer i ein mindre magesekk hos pasienten.   

Om lag halvparten av alle fedmeoperasjonar i Noreg er sleeve gastrektominoko som utgjer mellom 800-900 operasjonar per år. Det er derimot ikkje automatikk i at alle sjukehusa utfører operasjonen på same måte. Dei kan nytte ulik kirurgisk teknikk, og det kan få innverknad på kor mykje pasientane går ned i vekt etter operasjonen.  

Må utføre operasjonen nøyaktig og balansert 

Studien viser i tillegg at val av teknikk er relatert til gastroøsofageal refluks hos pasientane. Gastroøsofageal refluks er ein tilstand der magesyre strøymer opp i spiserøyret, noko som kan føre til symptom som halsbrann, sure oppstøyt, brystsmerter og vanskar med å svelge. 

— På den eine sida ser vi at dess mindre magesekk som står att, dess større vekttap oppnår pasienten utan at talet på komplikasjonar aukar. Det er naturleg å tru at mindre magesekk fører til mindre matinntak og dermed større vekttap. På den andre sida ser vi også at førekomsten av gastroøsofageal refluks aukar dess nærare inntil øsofagus ein gjer reseksjonen. Operasjonen må difor utførast på ein nøyaktig og balansert måte der ein er radikal med reseksjonen utan å gå heilt inntil øsofagus. 

Det forklarer ein av forskarane bak studien, Villy Våge. Han er overlege ved Haukeland universitetssjukehus og leiar av Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi (SOReg-N). 

Registerdata var avgjerande for studien 

Studien er eit samarbeid mellom Noreg, Sverige og Nederland og forskarane bak har brukt data frå dei nasjonale kvalitetsregistera i alle tre landa. Data frå Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi går inn i studien på lik linje med data frå dei andre to kvalitetsregistra.  Ifølgje forskarane var registerdata avgjerande for å kunne gjennomføre studien og for å vise klinisk praksis ved sjukehusa i dei tre landa. 

— Studien kunne ikkje ha blitt utført utan registerdata frå dei tre nasjonale registera, seier Villy Våge. 

— Kva håper du denne studien kan bidra til å gjere (for både fagfelt og pasientar?  

— Først og fremst håpar vi at kirurgar blir meir bevisste på kor viktig kirurgisk teknikk er ved sleeve gastrektomi slik at pasientane kan oppnå eit godt vekttap utan å få meir refluks. 

Nær 6000 pasientar som ble operert i åra 2015–2017 var inkludert i studien. 

 Her kan du lesa heile studien. 

Sjå også Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi (SOReg-N): Örsrapport for 2022 med plan for forbetringstiltak (helse-bergen.no). 

Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi | Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregistre