previous next
Sveip til venstre for å se mer

OM PROM

Patient Reported Outcome (PRO) er pasientrapporterte utfallsmål som til dømes opplevingar knytt til helse og sjukdom.

Patient Reported Outcome Measures (PROM) er skjema (instrument) som måler korleis pasientane opplever forhold knytt til helse og sjukdom og behandlingseffektar. PROM inkluderer mål på symptom, funksjonsnivå, helsestatus og/eller helserelatert livskvalitet.

Skjematyper

Spørjeskjema (instrument) for sjølvrapportert helse og livskvalitet kan vere både generiske og sjukdomsspesifikke. Desse to typane spørjeskjema utfyll kvarandre. Det finst også domenespesifikke eller symptomspesifikke skjema som for eksempel gir eit mål på angst, depresjon, smerte eller trøttleik.

Dei fleste PROM-skjema (instrumenta) har til felles at spørsmåla og det feltet/felta som dekkes er føreåtbestemd av dei som har utvikla instrumentet. Men det finst også individualiserte instrument der det er respondentane sjølv som veljar kva slags helse/livskvalitetsaspekt som skal inngå i instrumentet (f.eks. Patient Generated Index (PGI)).

Skjema med ulike berekningsgrunnlag

PROM-skjema er som oftast bygd opp med eit bestemt antall element (spørsmål med svaralternativ) som summerast til ein totalskår og/eller med ulike dimensjonar (domeneskår) som utgjer ein (helse-)profil. Ofte transformerast desse skårane til ein 0-100 skala kor høgare verdi viser til betre helse eller mindre plager. Med denne metoden føreset ein at alle område og alle svaralternativ har like stor verdi.

Preferensebaserte skjema

I preferensbaserte skjema (for eksempel EQ-5D og SF-6D) er ulike element gjeve ulik tyngde. Desse skjema gir et mål på «utility» og er lagt til rette for utrekning av kvalitetsjusterte leveår (QALYs) slik at dei kan nyttast i helseøkonomiske analysar. 

Krav til skjemaets kvalitet

For at du skal vera sikker på at du får svar på problemstillinga di, og for at du i størst mogleg grad skal kunne stola på resultata du får, må spørjeskjemaet du nyttar ha gode måleeigenskaper for aktuell pasientgruppe.

Spørjeskjemaet må tilfredsstilla krav til validitet (korvidt du målar det du ønskjer å måle), reliabilitet (pålitelighet av data), sensitivitet (instrumentet si evne til å avdekka forskjeller mellom pasientar eller grupper av pasientar) og responsitivitet (instrumentets evne til å fanga opp endringar i pasientens tilstand). For en beskrivelse av hva de ulike hovedkategorier av måleeigenskapar inneber kan oversikten gitt av COSMIN tilrådast.

Ta kontakt med Fagsenter for pasientrapporterte data om du treng hjelp til å vurdera om spørjeskjemaet du har valgt gir deg svar på spørsmåla dine, og om det tilfredstiller kvalitetskrava.

Omsetjing og validering

Når du har funne eit skjema som passar di pasientgruppe og din problemstilling, er det avgjerande for det videre arbeidet at skjemaet er tilgjengeleg på norsk og tilpassa norske forhold, og ikkje minst validert for den norske befolkning evt. pasientgruppe. Dette er viktig for å sikre at begrep nytta i spørjeskjemaet kan forstås på same måte som i originalskjemaet.

Eit spørjeskjema som er omsett til eit eller fleire språk skal som eit minstekrav ha dokumentasjon på metoden som er benytta for å omsetje og evaluere PROM på kvart språk. Det finst fleire framgangsmåtar for å omsetje og tilpasse skjemaer til andre språk og kulturar enn det opprinneleg var utvikla for, men prinsippa er dei same. Verdens helseorganisasjon er ein av fleire organisasjoner som har publisert anerkjende retningsliner for korleis omsetjing og validering av PROM-skjema bør gjennomførast.

Generelt gjeld det at ein nyttar to oversettarar som ikkje har kontakt med kvarandre under omsetjinga, og at det bør gjerast minst like mange tilbakeomsetjingar som omsetjingar. For kvar omsetjing skal det skrivast ein rapport kor avgjerder og tolkingar dokumenterast. Etter at spørjeskjemaet er omsett, kryss-kulturelt tilpassa og testa i ei lita pasientgruppe oversendes alle skjema og dei skriftlige rapportane over til utviklar og/eller rettighetshavar.

Ei omsettjing og tilpassing av eit spørjeskjema til norske forhold er ein viktig, men omfattande, del av forsknings- og kvalitetsforbedringsarbeidet. Før du går i gang med dette arbeidet er det difor viktig at du undersøkjer med forfattar eller lisensrettighetshavar om skjemaet ikkje allereie er omsett til norsk.  Om det ikkje er omsett til norsk så er det viktig at du får løyve til å omsetje originalskjemaet til norsk.

  1. Omsetjing av spørjeskjema frå originalspråk til aktuelt språk («forward translation»)
  2. Tilbakeomsetjing frå aktuelt språk til originalspråk («backward translation»)
  3. Konsensusmøte mellom omsettjarane
  4. Pre-testing ink. kognitiv testing
  5. Testing av svarskalaalternativer
  6. Testing av reliabilitet og validitet av den nye versjonen.
  7. Dokumentasjon av prosess